mini|Torshov kompetansesenter på Bredtvet. Bredtvet (også Bredtveit og Bredtvedt) er eit område i bydel Bjerke i Groruddalen nordaust i Oslo. Staden er ein åsrygg som ligg mellom Veitvet i vest og Kalbakken i aust. Riksveg 4, Trondheimsveien danner grensa mot Rødtvet og Lillomarka i nord og over Østre Aker vei ligg bydel Alna i sør.
Bredtvet var tidlegare ein storgard, og best kjend som heimen til lekpredikanten Hans Nielsen Hauge tidleg på 1800-talet. På garden blei Bredtvet kyrkje bygd i 1977. Det er reist ein obelisk med minneplate over Hauge i kyrkjehagen.
Bredtveit kvinnefengsel ligg like nord for kyrkja. Bygget til den nedlagde Bredtvet vidaregåande skule ligg på sørsida av henne, medan Bredtvet kompetansenseter og Torshov kompetansesenter ligg mot søraust.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bredtvet» frå , den 6. november 2011.
Kategori:Bydel Bjerke Kategori:Strøk i Oslo