mini|Preikestolen frå 1715 i Gamle Aker kyrkje i Oslo er skore og måla av Thomas Blix. mini|Preikestolen i Linköpings domkyrka i Linköping, Sverige med lydhimmel er frå 1745 og laga av av Nils/Niclas Österbom frå Norrköping. Ein preikestol er ein talarstol der presten les evangelieteksta og held preike for kyrkjelyden.

Preikestolen vart ved reformasjonen eit sentralt element i dei protestantiske kyrkjene, å få skrifta og preika ut til kyrkjelyden var vorte avgjerande og i norske kyrkjer vart det bygd preikestolar av tre til det formålet.

Preikestolen vart i Noreg ofte plassert på høgre side av koret sett frå skipet, det vil seie på sørsida i kyrkjer med den vanlege aust-vest-orienteringa. For at presten skulle sjå til å lese vart det ofte også slått ut ein glugge eit stykke oppe på sørveggen så lys kunne falle lagleg inn på preikestolen. Over preikestolen kunne det vere ein lydhimling. At preika kom i framgrunnen under gudstenestene førte òg til at benkar kom inn i kyrkjene. Preikeglade prestar kunne halde det gåande i to timar, og då trong tilhøyrarane å få sitje.

I protestantisk samanheng vart ein del preikestolar sett opp over altaret og denne oppbygginga vert kalla preikestolaltar. I Noreg finn ein slike t.d. i Røros kyrkje og Kongsberg kyrkje.

Sjå òg Lektorium Ambon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prekestol» frå , den 12. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjearkitektur Kategori:Kyrkjeleg interiør