mini|Komunevåpenet til Lillestrøm kommune er inspirert av Sørumsbåten «Sørumsbåten» er ein stokkebåt av eik. Båten er og kjend som Bingenbåten, etter funnstaden. Han er datert til ca 170 f.Kr.Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4 , og er den eldste båten som er funne i Noreg. Dette er i førromersk jernalder. Han vart funnen i 1995 i Glomma nedanfor Bingsfossen ved utløpet av Rømua i dåverande Sørum kommune, no i Lillestrøm kommune. Sjølve utgravinga fann stad i 1997.

Båten som er funne ein uthola eikestamme som er 0,5 meter brei og 9,8 meter lang. Truleg har båten vore lengre, kan hende 11 meter.

Sjølve båten er konservert og er sidan 2005 stilt ut på Norsk Maritimt Museum på Bygdøy.

I 2004 vart det laga ein kopi som vart sjøsett ved Fetsund lenser der han ligg i dag.

Kopien veg 1,7 tonn. Eikestokken han vart uthola or, vog nerre 8 tonn.

Båten inspirerte utforminga av kommunevåpenet til Lillestrøm kommune.

Kjelder

NRK P2; Museum 2011 NRK P2; Museum 2011 lyd Stokkebåtprosjektet Norsk Maritimt Museum Kulturnett Akershus

Litteratur Torstein Arisholm og Pål Nymoen. 2005. Stokkebåter. Nytt om Sørumbåten og andre norske stokkebåter. Norsk Sjøfartsmuseum. Skirft nr. 49 - Oslo 2005. ISBN 82-90089-67-8

Kategori:Museumsskip Kategori:Lillestrøm kommune Kategori:Stokkebåtar Kategori:Marinarkeologi i Noreg Kategori:Sjøfart i Akershus