Den kambodsjansk-vietnamesiske krigen var ein krig mellom Vietnam og Raude Khmer frå Vietnam invaderte Kambodsja den 25. desember 1978 (landet var okkupert 7. januar 1979) til Vietnam trekte seg ut i september 1989.
Bakgrunnen for at Vietnam invaderte Kambodsja var fleire grenseraid frå Kambodsja og etnisk reinsking av vietnamesarar i Kambodsja.
Etter gjentekne grenseraid frå Kambodsja si side (under Raude Khmer) vart leiarane i landet innkalla til dialog. Kambodsja ignorerte dette, og fortsette som tidlegare.
I 1978 avslutta det heile med at Vietnam sa at om dette skjedde igjen, kom dei til å foreta ein invasjon med støtte frå Sovjetunionen. Då raida fortsette invaderte Vietnam Kambodsja, noko som igjen førte til at Kina angreip Vietnam og det braut ut borgarkrig i Kambodsja. Invasjonen vart sett på som ei frigjering av størsteparten av den kambodsjanske befolkninga, sidan det vart slutt på det brutale Raude Khmer-styret av landet. Raude Khmer gav seg ikkje, og dei fekk støtte frå nokre andre grupper. USA og Kina brukte vetorett mot å få den nye og demokratiske regjeringa til Heng Samrin inn i SN, og Den demokratiske koallisjonsregjeringa av Demokratisk Kampuchea, som bestod av Raude Khmer og nokre andre grupper som støtta dei, fekk representere Kambodsja i SN.Cambodia-COALITION GOVERNMENT OF DEMOCRATIC CAMPUCHEA
USA, Folkerepublikken Kina og Thailand støtta Raude Khmer-geriljaen finansielt. Sovjetunionen og Laos støtta Vietnam og den nye regjeringa i Kambodsja med militær hjelp.
Referansar
Kategori:Vietnamesisk historie Kategori:Konfliktar i 1970-åra Kategori:Kambodsjanske krigar Kategori:Vietnamesiske krigar Kategori:Kinesiske krigar Kategori:Konfliktar i 1980-åra Kategori:Krigføring etter 1945