Svartraudstjert (Phoenicurus ochruros) er ein fugl i flugesnapparfamilien.
Skildring Fuglen er om lag 14,5 cm lang og veg 14-20 gram. Hannen er om våren gråsvart på hovud, rygg og mage, og har lyse område på vengane og ein iaugefallande oransjeraud stjert. Hoa er anonymt gråbrunt farga og har brunraud stjert.
Læte Sangen består av pipetonar og kraftige triller og høyrest stri. I det nordlege Europa er svart raudstjert saman med svarttrasten av fuglane som først byrjar synge i gryet.
Utbreiing Svartrødstjert hekkar i Sør-Noreg nord til Trøndelag, i byområder, industriområde og enkelte andre stader med bygningar. Lengre sør i Europa hekkar han òg i karrige fjellområde. Arten har nordvestgrensa for den europeiske utbreiinga si i Noreg. Arten har ei palearktisk utbreiing og hekkar i Eurasia og i Marokko i Nord-Afrika. Delar av populasjonen er trekkfuglar som overvintrar i Middelhavsområdet, det nordlege Afrika så langt sør som Etiopia og Somalia, Midtausten, India og det søraustre Asia så langt aust som til Burma.
Taksonomi Det rår ikkje konsensus om kva for ei familie raudstjertane høyrer til. Tidlegare vart dei rekna til trastefamilien, men vert nå oftast plasserte i familien flugesnapparar i underfamilien Saxicolinae saman med t.d. buskskvettar og steinskvettar.
Hekking Hoa bygg eit relativt slurvete reir og legg fire til seks lysesblå til kvite egg. Ho rugar sidan einsam på egga i 12 til 16 dagar. Ungfuglane vert mata av begge foreldra i 12 til 19 dagar. Ofte førekjem to kull om året.
Føde Fuglen et insekt og om hausten noko bær. Han finn maten på marka eller jagar forbiflygande insekt frå ein sitteplass. Status og vern I år 2021 blei svartraudstjert oppgradert frå kategorien sårbar til sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Svart rödstjärt» frå , den 10. januar 2012.
Referansar
Kategori:Flugesnapparfamilien Kategori:Fuglar i Noreg