Agnieszka Grochowska () er ein polsk skodespelar fødd i Warszawa.
Karriere
Grochowska studerte skodespel i Warszawa, der ho vart uteksaminert i 2002. Etter dette vart ho medlem i Teatr Studio i byen, der ho mellom anna spelte i Amadeus av Peter Shaffer. Den fyrste filmen ho spelte i var Alarm frå 2002. Sidan har ho spelt i fleire store polske filmar. Grochowska snakkar flytande tysk, og har også spelt i tyske kinoproduksjonar som Unterwegs (2004) og Nimm dir dein Leben (2005). Ho har vore Shooting Star under filmfestivalen i Berlin.
I 2009 spelte ho den kvinnelege hovudrolla i den norske filmen Upperdog av Sara Johnsen. For denne rolla vart ho tildelt Amandaprisen for 2010 i klassen Beste kvinnelege hovudrolle. I 2011 er Grochowska aktuell med heile 4 polske filmproduksjonar. Profil på imdb.com
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Agnieszka Grochowska» frå , den 25. november 2011.
Fotnotar
kategori:Polske skodespelarar kategori:Vinnarar av Amandaprisen