Alexander Eik () er ein norsk filmregissør og skodespelar frå Oslo.

Karriere

Alexander Eik debuterte med kortfilmen Første akt i 2000, der han sjølv hadde regi og manus. Kortfilmen vann Amandaprisen 2001 for beste kortfilm. Han fylgte opp med kortfilmen Skoletrøtt i 2001, og hadde ei rolle som skodespelar i kortfilmen Dublin i regn same året.

Den fyrste langfilmen han regisserte, vart Kvinnen i mitt liv frå 2003, med Thomas Giertsen og Ane Dahl Torp i hovudrollene. Etter dette har han hatt suksess med regien av tre Varg Veum-filmar: Kvinnen i kjøleskapet (2008), Begravde hunder (2008) og I mørket er alle ulver grå (2011). Alexander Eik har også regissert reklamefilmar, samt musikkvideoar for kjende artistar som Morten Abel, Klovner i Kamp og Turboneger.

Filmografi

Regissør

2000: Første akt (Kortfilm) 2001: Skoletrøtt (Kortfilm) 2003: Kvinnen i mitt liv (Film) 2006: Kalde føtter (Film) 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film) 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film) 2008: Nattsøsteren (Fjernsynsserie) 2010: Orkestergraven (Miniserie) 2011: Varg Veum - I mørket er alle ulver grå (Film)

Skodespelar

2001: Dublin i regn (Kortfilm) 2003: Kvinnen i mitt liv (Film) 2006: Kalde føtter (Film) 2008: Varg Veum - Kvinnen i kjøleskapet (Film) 2008: Varg Veum - Begravde hunder (Film)

Kjelder

Filmfront.no om Alexander Eik Bokmålswikipedia om Alexander Eik, henta inn 26. november 2011

Bakgrunnsstoff

Alexander Eik på Imdb.com Dagbladet, 14.02.04 om Alexander Eik

kategori:Norske filmregissørar kategori:Norske skodespelarar kategori:Folk frå Oslo kategori:Vinnarar av Amandaprisen