Ellisif Rannveig Wessel () var ein av pionerane i den norske arbeidarrørsla, skjønnlitterær og faglitterær forfattar, redaktør og amatørfotograf. Ho var fødd i Austre Gausdal og døydde i Kirkenes.

Ellisif var gift med syskenbarnet sitt, Andreas Wessel, og frå 1886 busett saman med han i Kirkenes, der han var distriktslege. Ho gjorde eit viktig arbeid for den faglege og politiske arbeidarrørsla i Finnmark, mellom anna ved å skipe fagforeininga Nordens Klippe i Kirkenes i 1906.

Forfattarverksemda hennar femnar om både skjønnlitteratur og faglitteratur. Ho var lyrikar og utgav fleire diktsamlingar og skreiv dikt i arbeidaraviser, ho stod for politisk oppseding av born i form av barneboka Den lille socialist frå 1914, ho gav ut eit tidsskrift og ho skreiv fleire artiklar i arbeidaraviser. Hennar virke som amatørfotograf gav som resultat ei verdifull kulturhistorisk fotosamling frå Sør-Varanger.

Bakgrunnsstoff Døme på kulturhistoriske fotografi som Ellisif Wessel har teke Wikan, Steinar. 2008. Ellisif Wessel : en biografi. Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-3141-5

Kategori:Arbeidarrørsla i Noreg Kategori:Norske aktivistar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske fotografar Kategori:Folk frå Gausdal