Stuttvenger, Pnoepyga, er ei biologisk slekt av fem artar sporvefuglar endemisk for sørlege og søraustlege Asia. Slekta har lenge vore plassert i timalfamilien Timaliidae. Ein DNA-studie i 2009 av fuglar frå familiane Timaliidae og Sylviidae fann inga støtte for plasseringa av Pnoepyga-slekta i nokon familie, og forfattarar gav derfor framlegg om å oppføre slekta i ein ny monogenerisk familie, Pnoepygidae. Familien har fått det norske namnet stuttvengfamilien, bokmål stuttvingefamilien. __NOTOC__ Denne litle slekta har ei vid utbreiing i høgtliggjande delar av Sør- og Søraust-Asia. Skjelstuttveng er funnen i fjellområda i Nord-India austover til sørlege Kina og det nordlege Vietnam. Taiwanstuttveng er endemisk for Taiwan, og tilsvarande har nepalstuttveng ei utbreiing avgrensa til hovudsakleg Nepal og litt inn i India. Den mest utbreidde arten er dvergstuttveng, som lever frå Kina og India sørover gjennom Søraust-Asia ut mot Den malaysiske halvøya og Indonesia så langt som til Flores og Timor.Collar, N. J. & Robson, C. 2007. Family Timaliidae (Babblers) pp. 70 - 291 in; del Hoyo, J., Elliott, A. & Christie, D.A. eds. Handbook of the Birds of the World, Vol. 12. Picathartes to Tits and Chickadees. Lynx Edicions, Barcelona.
Artslista Pnoepyga i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:
Skjelstuttveng, Pnoepyga albiventer, Scaly-breasted Cupwing, Hodgson, 1837, (LC) Sichuanstuttveng, Pnoepyga mutica, Chinese CupwingThayer & Bangs, 1912 Taiwanstuttveng, Pnoepyga formosana, Taiwan Cupwing, Ingram, 1909, (LC) Nepalstuttveng, Pnoepyga immaculata, Immaculate Cupwing, Martens & Eck, 1991, (LC) Dvergstuttveng, Pnoepyga pusilla, Pygmy Cupwing, Hodgson, 1845, (LC) Kjelder Første versjon av denne artikkelen byggjer på «Pnoepyga» frå , den 10. desember 2011
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fugleslekter