Trond Hellemo () er ein norsk forfattar og salmediktar. Han er busett i Senjahopen og har arbeidd som lærar.

Hellemo vart fødd i dåverande Lenvik kommune, no del av Senja. Han har skrive fleire librettoar til kyrkjelege spel med bibelske tema særleg retta mot konfirmantar. Han brukar eit senjaprega nynorsk i dei fleste tekstane sine.

I 2004 fekk Hellemo Blixprisen for diktinga si for barn og unge og for salmar og tekstar til bruk i kyrkjeleg samanheng.

Utgjevingar 2018 – Den tredje kråkeboka : om overbærenheit og godt nabboskap 2013 – Den andre kråkeboka. Om elgegutten og det store slektstreffet 2009 – Kråkeboka. Om han kråkefar Krak og andre kjenninga 2006 – No ror ei natt seg fra land : salmer og sanger – musikktrykk med musikk ved Ivar Jarle Eliassen 2004 – Jubileumsmesse : Se, eg har sett framfor deg ei åpen dør : til 200-årsjubileet for opprettelsen av Hålogaland bispedømme – musikktrykk med musikk ved Bjørn Andor Drage 2002 – Fortellinger fra Jesu liv : drama og musikk : 4 konfirmantopplegg – musikktrykk 2001 – Utanfor allfarveg

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Trond Hellemo Trond Hellemo i Sambok

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Forfattarar frå Troms Kategori:Vinnarar av Blixprisen Kategori:Folk frå Senja Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg