Isfahan-provinsen (farsi استان اصفهان, Ostān-e Esfahan), òg skrive Esfahan, Espahan, Isfahan eller Isphahan, er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet i Region 2. Provinshovudstaden er Isfahan.

Geografi Isfahan-provinsen dekkjer eit område på kring 107 027 kvadratkilometer og ligg sentralt i Iran. I nord ligg Markazi, Qom og Semnan. I sør grensar provinsen til Fars og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad. Aminabad er den sørlegaste byen i Isfahan, berre 2 km nord for grensa. I aust grensar han til provinsen Yazd. I vest grensar provinsen til Luristan og i sørvest til provinsen Chahar Mahal og Bakhtiyari.

Provinsen har følgjande fylke: Aran o Bidgol, Ardestan, Esfahan, Lanjan, Shahinshahr og Meymeh, Khomeini Shahr, Khansar, (Øvre) Semirom, Fereydan, Fereydunshahr, Falavarjan, Kashan, Golpayegan, Mobarakeh, Nain, Najaf Abad, Nedre Semirom (Dehaghan), Shahreza, Anarak og Natanz. I følgje ei folketeljing i 2006 hadde byen kring 4,5 millionar innbyggjarar, der 83,3 % budde i byar og 16,7 % på landsbygda. I 2011 hadde folketalet auka til nesten 4,9 millionar.Selected Findings of National Population and Housing Census 2011

Provinsen har eit moderat og tørt klima med temperaturar som varierer mellom kring 40 og 10 °C. Årsmiddeltemperaturen er 16,7 °C og årsmiddelnedbøren er 116,9 mm.

Med ei høgd på 4 040 meter over havet er Shahankuh den høgaste toppen i Isfahan-provinsen. Fjellet ligg kring 20 km sørvest for byen Fereydunshahr vest i Isfahan-provinsen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isfahan Province» frå , den 6. mars 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Iran