Hilton Stewart Paterson Valentine () var ein engelsk gitarist, mest kjende som den opphavlege gitaristen i The Animals.

Valentine var fødd i North Shields i North Tyneside i England. Han byrja å spele gitar i tenåra og vart i 1963 medlem av The Alan Price R&B Combo, som kort tid etter bytta namn til The Animals. Han var gitarist i gruppa fram til 1966 og spelte dermed gitar på alle dei store hittane til bandet. Han kom attande til The Animals i 1976, då bandet vart gjenforeint. Han spelte inn eitt soloalbum i 1969, All in Your Head. Han har i seinare år turnert med nokre av sine gamle Animals-medlemmar som Animals II.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hilton Valentine» frå , den 14. desember 2011.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad [ Allmusic]

Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:The Animals-medlemmar Kategori:Folk frå Tyneside