Victor Amadeus II () var hertug av Savoie frå 1675 til 1730. Han hadde òg titlane marki av Saluzzo, hertug av Montferrat, prins av Piemonte, greve av Aosta, Moriana og Nizza. Ludvig XIV av Frankrike arrangerte ekteskapet hans for å halde ein fransk påverknad i hertugdømet, men Victor Amadeus braut likevel raskt bort frå påverknaden til Frankrike. Då faren døydde i 1675, tok mora over som regent i namnet hans, sidan han då berre var ni år gammal, og hadde makta de facto fram til 1684 då Victor Amadeus nekta ho å styre staten vidare.Symcox, 69 Etter å ha kjempa i den spanske arvefølgjekrigen, vart han konge av Sicilia i 1713, men vart tvungen til å endre tittelen og i staden verte konge av Sardinia som dei direkte etterkomarane hans krev som ein del av kongedømet Italia.Storrs, s 160 Victor Amadeus etterlet seg mange kulturelle inntrykk i Torino då han bygde om kongepalasset i Torino, Venariapalasset, Palazzina di caccia of Stupinigi samt bygde Superga-basilikaen der han er gravlagd.Symcox, s. 78

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Victor Amadeus II of Sardinia» frå , den 18. desember 2011. oppgav desse kjeldene: Storrs, Christopher: War, diplomacy and the rise of Savoy, 1690-1720, Cambridge University Press, 1999, ISBN 0521551463 Symcox, Geoffrey: Victor Amadeus II: absolutism in the Savoyard State, 1675-1730, University of California Press, 1983, ISBN 9780520049741

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyrstar av Piemonte Kategori:Folk frå Torino Kategori:Sicilianske monarkar Kategori:Prinsar av Savoie Kategori:Huset Savoie Kategori:Sardinske kongar Kategori:Hertugar av Savoie Kategori:Italiensk adel Kategori:Italienske kongelege Kategori:Hertugar av Aosta Kategori:Monarkar som abdiserte