Anne Grete Preus (), var ein norsk musikar og songar. Ho var fødd i Haugesund, oppvaksen der og på Lillestrøm.

Biografi

Veslefrikk og Can Can

Etter fullført vidaregåande skule på Lillestrøm, tok Anne Grete Preus grunnfag i psykologi og sosiologi ved Universitetet i Oslo før ho vart heiltidsmusikar på 1970-talet. I 1978 vart ho med i den venstrepolitiske rockegruppa Veslefrikk, med Per Vestaby (kjend frå CC Cowboys) på bass. Bandet gav ut tre studioalbum og oppnådde merksemd i fleire land, m.a. på Roskildefestivalen. Veslefrikk vart oppløyst i 1982, og Vestaby og Preus starta året etter rockegruppa Can Can saman med m.a. gitaristen Jørn Christensen (også frå CC Cowboys). Can Can gav ut to studioalbum og vann Spellemannprisen 1984 for debutplata En lek i forhold. Oppfylgjaren European Rainbow (1986) hadde engelskspråklege tekstar.

Film- og teatermusikk

Allereie på denne tida hadde Anne Grete Preus starta å komponera musikk til film og teater. Ho komponerte for filmen At dere tør (1981) og Svarte fugler (1983), begge av regissøren Lasse Glomm. Saman med Can Can skreiv Anne Grete Preus filmmusikken til Snart 17 (1984). Anne Grete Preus var på denne tida glad i tekstane til Jens Bjørneboe, og ho komponerte også musikken til skodespelet Til lykke med dagen for Centralteatret i 1987. Året etter produserte ho også filmmusikken til Hotel St. Pauli (1988).

Solokarriere

Ho signerte platekontrakt med WEA Records, som seinare blei Warner Music Norway og debuterte som soloartist i 1988 med Fullmåne, der ho brukte tekstar av Jens Bjørneboe. Frå og med oppfylgjaren Lav sol! Høy himmel (1989), var Preus både musikar og låtskrivar. Ho komponerte musikken til ei oppsetjing av Ibsen sitt Fruen fra havet på Nationaltheatret i 1990. I 1991 gav ho ut sitt soloalbum nummer tre: Og høsten kommer tidsnok. Songen Se frå dette albumet vart utgjeven som singel. I 1992 vart Preus tildelt Gammleng-prisen i open klasse.

I 1994 kom hennar fjerde soloalbum ut; Millimeter. Albumet er hennar til no største kommersielle suksess med over 75.000 selde eksemplar. For dette albumet vann ho Spellemannprisen 1994 både i klassen Kvinnelege artist og i klassen Årets album. Songen Millimeter vart kåra til Årets låt. Same året komponerte Preus musikken til balletten Den røde blusen for Den norske opera.

Frå og med 1995 har Anne Grete Preus samarbeidd mykje med Vertavokvartetten, og dei har hatt om lag 25 konsertar saman i Noreg. Preus gav ut albumet Vrimmel i 1996. Plata inneheldt mellom anna singelen Hjertets lys. I 1997 la ho ut på sin fyrste soloturné, noko ho har halde fram med i sin seinare karriere. Året etter kom samleplata Mosaikk - 16 biter.

I 1999 komponerte ho musikken til teaterstykket Skammen for Amfiscenen. I 2001 kom soloalbumet Alfabet. Sistnemnde er innspelt i eit studio i London, og er produsert i samarbeid med Yngve Sætre. Den franske komponisten Hector Zazou var produsent. I 2004 gav ho ut Når dagen roper, der den svenske gitaristen Georg Wadenius stod som produsent. Dette albumet er produsert etter lange opphald i Paris, og Aftenposten meinte albumet var hennar beste album til no. På Om igjen for første gang (2007) deltok både Eivind Aarset og Nils Petter Molvær. Dette året gav ho også ut Sangbok.

Siste soloalbumet til Anne Grete Preus var Nesten alene (2009). Tittelen gjenspeglar noko av arbeidsprosessen med albumet; tekstane er skrivne åleine på ei sjøbu i Hurum. Musikarane blei henta inn etter kvart som songane vart ferdige, og dei vart spelt inn på Rainbow Studio. Preus har kalla arbeidsprosessen frigjerande og inspirerande, og omtalte verket som sitt nullpunkt.

I 2010 samarbeidde ho og Kjetil Bjerkestrand med å komponera musikken til dramatiseringa av Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle for Riksteateret.

Ho spelte konsertar så seint som i 2017.

Privatliv

Anne Grete Preus var sambuar med Eva-Maria Bekier. Preus var dels busett i Oslo og dels i Paris, der ho hadde ei skrivestove.

Prisar og utmerkingar

Gammleng-prisen i open klasse i 1992 Kardemommestipendiet i 1992 Spellemannprisen 1994 i klassane kvinneleg artist og årets album for Millimeter. Songen Millimeter vart Årets låt. Tekstforfatterfondets ærespris i 2006 Norsk Artistforbunds Ærespris i 2007 Prøysenprisen i 2007 Edvardprisen 2008 i klassen populærmusikk for Om igjen for første gang Skjæraasenprisen i 2010 Årets heiderspris under Spellemannprisen 2013

Studioalbum av Anne Grete Preus

Fullmåne (1988) Lav sol! Høy himmel (1989) Og høsten kommer tidsnok (1991) Millimeter (1994) Vrimmel (1996) Alfabet(2001) Når dagen roper (2004) Om igjen for første gang (2007) Nesten alene (2009)

Kjelder

NBL-artikkel om Anne Grete Preus, skriven av Sigbjørn Nedland Bokmålswikipedia om Anne Grete Preus, henta inn 19. desember 2011.

Referansar

kategori:Vinnarar av Spellemannprisen kategori:Norske musikarar kategori:Norske låtskrivarar kategori:Norske komponistar kategori:Folk frå Haugesund kategori:Folk frå Skedsmo kategori:Norske gitaristar Kategori:Vinnarar av Skjæraasenprisen Kategori:Vinnarar av Prøysenprisen Kategori:Vinnarar av Gammleng-prisen