For den britiske 1600-talsdronninga, sjå Anne av Storbritannia.

Prinsesse Anne av Storbritannia, fødenamn Anne Elizabeth Alice Louise Mountbatten-Windsor () er andre barnet og samtidig einaste dotter til Elizabeth II av Storbritannia og Prins Philip, hertug av Edinburgh. Ho er nummer ti i arvefylgja til den britiske trona.

Prinsesse Anne har stor interesse for hesteritt, og deltok under sommar-OL 1976. Det var gjennom hestesporten at ho vart kjend med sin fyrste ektemann, løytnanten Mark Phillips. Dei gifte seg i Westminster Abbey 14. november 1973, og fekk to born saman: Peter Phillips (f. 1977) og Zara Phillips (f. 1981). Anne og Mark Phillips skuldest i april 1992.

I desember 1992 gifte Anne seg opp att med marineoffiseren Timothy Laurence. Dei er framleis gifte, og har ingen born saman.

Kjelder Denne artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Anne, Princess Royal, henta inn 21. desember 2011.

Kategori:Britiske kongelege Kategori:Britiske ryttarar Kategori:Kongelege OL-deltakarar Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Ryttarar under sommar-OL 1976 Kategori:Kongelege frå London