Apalachee-massakren var ei rekkje brutale raid av engelske kolonistar frå provinsen Carolina og deira indianske allierte mot dei stort sett fredelege Apalachee-indianarane nord i Spansk Florida som fann stad under Dronning Anne-krigen i 1704. Mot liten spansk og indiansk motstand, vart eit blømande misjonsnettverk øydelagd. Dei fleste av innbyggjarane vart anten myrda, fanga eller flykta til større spanske og franske utpostar, eller vart frivillig med engelskmennene.
Den einaste store hendinga i ekspedisjonen til den tidlegare guvernøren i James Moore var slaget ved Ayubale, som var einaste gongen dei engelske raida møtte større motstand. Mange Apalachee-indianarar, som ikkje var nøgde med tilhøva under spanjolane, forlet berre byane sine og vart med toktet til Moore. Dei slo seg ned nær elvane Savannah og Ocmulgee, der tilhøva berre var noko betre.
Raida til Moore skjedde etter andre raid som hovudsakleg vart utført av engelsk-allierte Creek-indianarar. Det samla målet med desse raida, utført mellom 1702 og 1709, var å avfolke Spansk Florida bortanfor grenseområda kring St. Augustine og Pensacola.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Apalachee massacre» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Historia til Florida Kategori:Indianske massakrar Kategori:Konfliktar i 1704 Kategori:Slag i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Engelske slag Kategori:Spanske slag Kategori:Indianske slag Kategori:1704 i Nord-Amerika Kategori:1704 i Spania Kategori:1704 i England