Himarë eller Himara (gresk Χειμάρρα, Khimárra) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Han ligg ved Den albanske rivieraen sør i Albania og grensar i aust til regionen Gjirokastër.
Den tospråklige tradisjonelle regionen Himarë omfattar byen og sju landsbyar og er hovudsakleg folkesett av etniske grekarar. Regionen er om lag 20 km lang og 5 km brei og grensar til dei 2000 meter høge Llogara-fjella i nordaust og Det joniske havet i sørvest. Det er lange kvite sandstrender og nokre få åsar nær sjøen med oliven- og sitrustre.
Administrativ inndeling Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Himarë vart slått saman med landkommunane Lukovë og Horë-Vranisht. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Himarë.
Fram til år 2000 var den tidlegare bykommunen saman med landkommunen Horë-Vranisht ein del av distriktet Vlorë, medan Lukovë var ein del av distriktet Saranda. Den dåverande bykommunen omfatta byen Himarë og busetnadene: Pilur Kudhës Qeparo fshat Qeparo Fushë Vuno Iliaz Dhërmi Gjilekë Palasë
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Himarë 2 822 3 901 Lukovë 2 916 2 578 Horë-Vranisht 2 080 1 849 Kommunen Himarë 7 818 8 328
Kjelder
Denne artikkelen byggjer dels på «Himarë» frå , den 28. desember 2011.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Vlorë Kategori:Busetnader i regionen Vlorë Kategori:Kommunaleiningar i regionen Vlorë Kategori:Byar i den greske antikken