Dag Holmen-Jensen () er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Fossum Idrettslag.

Han har ei NM-medalje, bronsemedalje i normalbakke på Fåvang i 1976. Johan Sætre vart suveren noregsmeister, Magnar Larsen kom på sølvplass.

Holmen-Jensen debuterte i verdscupen med 45. plass i Oberstdorf 30. desember 1979. Sesongen 1981 kom han på fjerdeplass i Lahti og var beste nordmann i tevlinga. 22. mars 1981 vann han avslutningsrennet i verdscupen. Han sigra i storbakken i Planica, framom verdscupvinnaren Armin Kogler. Sjølv vart han samanlagt nummer 17 i verdscupen, same plassering oppnådde han sesongen etter. I den tysk-austerrikske hoppveka 1981/82 vart han nummer seks i opningsrennet i Oberstdorf, og enda på åttandeplass samanlagt i hoppveka. Nummer åtte vart han også i verdsmeiserskapen i skiflyging i Kulm i mars 1982.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1978: Nr 13 i Holmenkollen 1980: Nr 14 i Holmenkollen 1981: Siger i Planica 1982: Nr 8 i skiflygings-VM i Kulm, nr 6 i verdscupen i Oberstdorf 1983: Nr 7 i Bærum

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1975: Nr 9 i storbakken i Bærum Ski-NM 1976: Bronsemedalje i normalbakken i Fåvang Ski-NM 1977: Nr 4 i storbakken på Odnes Ski-NM 1978: Nr 7 i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1979: Nr 9 i normalbakken i Sprova Ski-NM 1980: Nr 9 i normalbakken i Asker Ski-NM 1981: Nr 10 i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1982: Nr 5 i normalbakken på Raufoss Ski-NM 1984: Nr 12 i normalbakken på Kongsberg

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske skihopparar