Dvergsnipe er ein fugleart i snipefamilien.
Utsjånad mini|venstre|Vinterdrakt, El Fayoum i Egypt. Dvergsnipa vert 14 cm lang, med eit vengespenn på 34-37 cm, og har ein mørk, tynn nebb og mørke føter. Raske rørsler skil arten frå andre vadarar, unnateke dei andre artane i slekta Calidris med mørke føter. Dei hekkende vaksne har eit oransjeaktig bryst, ein kvit hals og ein tydeleg kvit v på ryggen. I vinterdrakt er identifisering vanskelegare.
Utbreiing Arten hekkar ved kysten og innsjøar i arktiske område i Asia og Europa. Talet på fuglar avheng av populasjonen av lemen. I dårlege lemenår tek «rovfuglar» som jo og snøugle hekkande arktiske vadarar i staden.
Hekking Fuglane legg reiret med 3-5 egg på marka. Dvergsnipa er polygam, og hannen og hoa kan ha separate kull.
Føde Fuglane et små virvellause dyr som dei finn på mudderbankar.
Trekktilhøve Dvergsnipa er ein trekkfugl som flyg til Afrika og det sørlege Asia. Om vinteren og på trekket lever dvergsnipene i flokkar saman med andre artar i same slekta, spesielt myrsnipe.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dvergsnipe» frå , den 17. juni 2019.
Kategori:Fuglar i Noreg Kategori:Snipefamilien