Levi ben Gerson eller Gershon, ofte òg kalla etter det latiniserte namnet Gersonides () var ein spansk-jødisk filosof og matematikar. Han var det meste av livet sitt busett i Avignon i Frankrike.

I det filosofiske hovudverket sitt, Guds kamp, freistar han å sameine idear frå Det gamle testamentet med filosofien til Aristoteles. Han var ein av dei viktigaste matematikarane i mellomalderen og vert gjerne rekna som oppfinnaren av camera obscura og jakobsstaven, som er eit av dei tidlegaste navigasjonsinstrumenta. Han skreiv eit skrift om trigonometri, i tillegg til eit om numerisk rekning, der han mellom anna diskuterer permutasjonar og kombinasjonar.

Kjelder

Kategori:Mellomaldermatematikarar Kategori:Mellomalderfilosofar Kategori:Franske rabbinarar Kategori:Franske astrologar Kategori:Franske astronomar Kategori:Franske filosofar Kategori:Franske matematikarar Kategori:Jødiske teologar Kategori:Jødiske oppfinnarar Kategori:Bibelkommentatorar Kategori:Matematikarar på 1300-talet