Dario Alonzo Cologna () er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Han er olympisk meister 2010 på 15 km, samt verdsmeister 2013 og olympisk meister 2014 på 30 km fellesstart. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009, 2011 og 2012.
Aktiv Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han «Tour de ski» med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.
I 2021 fekk han Holmenkollmedaljen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dario Cologna» frå , den 12. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske langrennsløparar Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen