Olav Gisle Øvrebø () er ein norsk forfattar frå Luster kommune.

Han debuterte i 2011 med den nynorske diktboka Barn som leikar på Flamme forlag. Boka handlar om drapssaka på James Bulger frå Liverpool i 1993. Drapsmennene var to gutar på ti år. Øvrebø lever seg inn i bakgrunnen og situasjonen til drapsmennene, og dikta er ei blanding av fakta og fiksjon.

Boka har fått både positiv og negativ omtale. I Klassekampen vart det skrive om henne at «Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert.» I same artikkel vart samlinga kritisert for å laga spekulativ underhaldning av grusame mordgåter.

Vigdis Hjorth kommenterte diktsamlinga på fylgjande måte: «Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger.»

Bibliografi Bøker

I bøker - eit utval

Kjelder Omtale av Olav Gisle Øvrebø på Flamme forlag Klassekampen, 12. november 2011: «Provoserande dokumentardikt»

Bakgrunnsstoff Utgjevingar av Olav Gisle Øvrebø i Oria.no Om Olav Gisle Øvrebø i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2011 Kategori:Forfattarar frå Luster Kategori:Folk frå Luster