Menaikhmos (380-320 fvt.) var ein gresk matematikar og elev av Platon.
Han fann ut korleis han kunne løyse problemet med fordoblinga av kuben ved to parablar eller ein parabel og ein hyperbel. Han vert rekna for den første matematikaren som studerte kjeglesnitta systematisk. Menaikhmos var òg lærar for Alexander den store og tilskrivast fyndordet: «Det finst ingen kongsveg til matematikken.»
Kjelder Menaikhmos. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Menaikhmos
Kategori:Matematikarar frå gresk antikk Kategori:Fødde på 300-talet fvt. Kategori:Døde på 300-talet fvt.