Maria Walliser () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Mosnang i kantonen St. Gallen i Sveits. I 1987 vart ho verdsmeister i både utfor og super-G. Også i 1989 vart ho verdsmeister i utfor. Både i 1986- og 1987-sesongen vann ho verdscupen. Ho vann i tida 1983-90 til saman 25 verdscuprenn, fordelt på alle greinene i alpint unnateke slalåm.

Aktiv Walliser sin første siger i verdscupen kom i januar 1983 i utfor i Megève. Under vinter-OL 1984 i Sarajevo vann ho sølvmedaljen i utforrennet, bak landsmannen Michela Figini. I 1984 vann ho utforcupen i verdscupen, noko ho gjentok i 1986. I 1987 vann ho super-G-cupen. Dei to sesongane 1986 og 1987 var ho verdas beste skialpinist på kvinnesida, og fekk såleis med seg verdscuptrofeet.

Høgdepunktet for Walliser var verdsmeisterskapen i alpint 1987 i Crans-Montana, då ho gjekk til topps både i utfor og super-G, og vann bronsemedaljen i storslalåm. Frå vinter-OL 1988 i Calgary fekk ho med seg i to bronsemedaljar, i høvesvis storslalåm og den alpine kombinasjonen.

Under VM i alpint 1989 i Vail tok ho sitt andre VM-gull i utfor. I sin siste sesong, 1989/90, sigra ho i to renn i verdscupen. Begge var utforrenn, det siste gjekk føre seg i Haus i Austerrike.

Maria Walliser la opp i 1990.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maria Walliser» frå , den 14. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sveits Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988