Annemarie Waser () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå grenda Grafenort i Engelberg. Ho vann bronsemedaljen i slalåm under verdsmeisterskapen i alpint 1958 i Bad Gastein.
Waser debuterte i vinterolympiaden 1956 i Cortina d'Ampezzo, få dagar før ho fylte 16 år, med ein 14. plass i storslalåm, delt med Inger Bjørnbakken og ei fransk jente. Under verdsmeisterskapen i 1958 i Bad Gastein i Austerrike deltok Waser både i slalåm og storslalåm. I storslalåm kom ho på fjerdeplass, ein tidels sekund bak landsmannen Frieda Dänzer. Etter slalåmtevlinga kunne ho stige opp på sigerspallen som bronsevinnar, berre den klare verdsmeisteren Inger Bjørnbakken og austerrikske Josefa Frandl fekk betre tider. Waser deltok i alle tre øvingane under vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men mislukkast heilt i å hevde seg.
Kjelder P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken, 1957
Denne artikkelen bygger på «Annemarie Waser» frå , den 17. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960