Slaget ved Wien (tysk Schlacht am Kahlenberg) fann stad den 11. og 12. septemberDate of Battle 1683 etter at Wien hadde vore kringsett av Det osmanske riket i to månader. Det var eit slag der Det tysk-romerske riket i lag med Det polsk-litauiske samveldet (Den heilage ligaen) stod opp mot Det osmanske riket og len i Det osmanske riket ved fjellet Kahlenberg nær Wien. Slaget markerte starten på eit politisk hegemoni for Habsburg-dynastiet i Det tysk-romerske riket og Sentral-Europa.

Slaget vart vunnen av den samla styrken til Det polsk-litauiske samveldet. Styrken frå Det tysk-romerske riket var leidd av Ernst Rüdiger Graf von Starhemberg under Leopold I Habsburg av Det tysk-romerske riket. Kongen av Polen, Jan III Sobieski, var øvstkommanderande.

Alliansen kjempa mot armeen til Det osmanske riket og dei osmanske lena kommandert av storvesir Merzifonlu Kara Mustafa Pasja. Kringsetjinga starta den 14. juli 1683 med om lag 150 000 mann frå Det osmanske riket.Omleiringa av Wien (Europa 1683) -- Britannica Onl Kringsetjingsstyrken bestod av 60 ortaer med janitsjarar (12 000 mann på papiret) med ein observasjonsarme på kring 70 000 mann som såg over landområda kring. Det avgjerande slaget fann stad 12. september etter at ein samla støttearme på 80 000 mann nådde fram.

Somme historikarar meiner at slaget markerte vendepunktet i dei osmansk-habsburgske krigane, den 300 år lange kampen mellom Det tysk-romerske riket og Det osmanske riket, men somme meiner òg at slaget berre stadfesta at makta til Det osmanske riket var svekka. Dei nesten seksten åra etter slaget, okkuperte og dominerte habsburgarane i Austerrike gradvis det sørlege Ungarn og Transilvania, der dei osmanske styrkane vart driven bort frå. Slaget er òg kjend for det største kavaleriåtaket i historia.

Opptakt Å ta Wien hadde lenge vore eit strategisk mål for Det osmanske riket, sidan byen kontrollerte Donau-området i Sør-Europa (Svartehavet til Vest-Europa), og handelsvegane over land (det austlege Middelhavet til Tyskland). I åra før den andre kringsetjinga (den første var i 1529), der storvesirane fekk støtte hos den viktige Köprülü-familien, gjorde Det osmanske riket store logistiske førebuingar der dei mellom anna reparerte og bygde vegar og bruer inn i Det tysk-romerske riket og dei logistiske sentra, samt sende fram ammunisjon, kanonar og andre ressursar frå over heile Det osmanske riket til desse logistiske sentera og inn i Balkan. mini|venstre|130px|Leopold I av Det tysk-romerske riket

På den politiske sida, hadde Det osmanske riket gjeve ungararane og ikkje-katolske minoritetar i dei habsburg-okkuperte delane av Ungarn militærstøtte. Her hadde det i åra før omleiringa vore stor uro og eit ope opprør mot Leopold I som prøvde å knuse protestantismen med ein motreformasjon. I 1681 vart protestantar og andre anti-habsburgske Kuruc-styrkar, leia av Imre Thököly, forsterka med ein stor styrke osmanarar, som anerkjende Thököly som konge av «Øvre Ungarn» (den austlege delen av dagens Slovakia og delar av det som i dag ligg nordaust i Ungarn, som han tidlegare hadde teke frå habsburgarane). Denne støtta gjekk så langt som ein lovnad om å gje «Kongedømet Wien» til ungararane om det fall til osmanarane. Like før kringsetjinga hadde det likevel vore fred i tjue år mellom Det tysk-romerske riket og Det osmanske riket etter freden i Vasvár.

mini|130px|Sultan Mehmed IV

I 1681 og 1682 vart kampane mellom styrkane til Imre Thököly og Det tysk-romerske riket (som då hadde grense nord i Ungarn) hardare, og streiftoga til dei habsburgske styrkane inn i det sentrale Ungarn gav storvesir Kara Mustafa Pasja eit godt nok argument til å overtyde sultan Mehmet IV og divanen hans om å flytte den osmanske armeen. Mehmet IV gav Kara Mustafa Pasja løyve til å operere så langt som til Győr (namnet i den osmanske perioden var Yanıkkale, tysk: Raab) og Komárom (tyrkisk Komaron, tysk Komorn), begge nordvest i Ungarn, og kringsetje desse. Den osmanske armeen mobiliserte den 21. januar 1682, og krigen vart erklært den 6. august 1682. mini|venstre|130px|Kong Jan III Sobieski

Logistikken på denne tida gjorde det risikabelt eller umogeleg å starte ein invasjon i august eller september 1682 (eit tre månader langt felttog ville fått osmanarane til Wien like når vinteren starta). Denne 15 månader lange pausen mellom mobiliseringa og starten på den store invasjonen gjorde at Wien fekk nok med tid til å førebu forsvaret og for Leopold til å samle nok soldatar frå Det tysk-romerske riket og setje opp ein allianse med Polen, Republikken Venezia og pave Innocent XI. Dette var utan tvil medverkande til at osmanarane mislukkast. Den avgjerande alliansen mellom Det tysk-romerske riket og Polen var ein avtale der Leopold lovde støtte til Sobieski om osmanarane gjekk til åtak mot Kraków; til gjengjeld skulle den polske hæren hjelpe Wien om dei vart angripne.

Den 31. mars 1683 nådde ei ny erklæring keisarhoffet i Wien, send av Kara Mustafa på vegner av Mehmet IV. Dagen etter starta den osmanske hæren marsjen frå Edirne i Thrakia. Soldatane nådde Beograd tidleg i mai, og flytta så mot Wien. Om lag 40 000 Krim-tatarar nådde fram 40 km aust for Wien den 7. juli og var alt då dobbelt så mange som keisarsoldatane i området. Etter nokre innleiande kampar, trekte Leopold seg attende til Linz med 80 000 innbyggjarar frå Wien.

Kong Jan III Sobieski førebudde seg på å støtte Wien sommaren 1683 for å oppfylle sin del av avtalen. Han gjekk så langt at han forlet landet sitt meir eller mindre utan forsvar då han forlet Kraków den 15. august. Sobieski dekte dette med ei streng åtvaring til Imre Thököly, leiaren av Ungarn, som han truga med øydelegging om han prøvde å utnytte situasjonen - noko Thököly prøvde på. Jan Kazimierz Sapieha den yngre utsette marsjen til den litauiske armeen og øydela i staden det ungarske høglandet (no Slovakia), og nådde fram til Wien etter at slaget var over.Davies, Norman, God's Playground, a History of Poland: The origins to 1795, (Columbia University Press, 1982), 487. SoldatarInfanteriKavaleri og dragonarKanonarTotal25px Dei tysk-romerske styrkane totalt: 29 60017 80012447 250    18px Keisarsoldatar8 10010 3507018 400    18px Bayern7 5003 0002610 500    18px Schwaben & Franken7 0002 500129 500    20px Sachsen7 0002 000169 00015px Kongedømet Polen16 45020 5502837 000Habsburgarane og deira allierte totalt:46 05038 35015284 400

Hendingar under kringsetjinga mini|Polsk hussar mini|Sipahiar frå Det osmanske riket ved Wien

Den osmanske armeen starta kringsetjinga av Wien den 14. juli. Same dagen sende Kara Mustafa det tradisjonelle kravet om at byen skulle overgje seg.Det originale dokumentet vart øydelagd under andre verdskrigen. For tysk omsetjing, sjå her

Ernst Rüdiger Graf von Starhemberg, leiar for dei gjenverande 11 000 soldatar og 5 000 innbyggjarane og frivillige med 370 kanonar, nekta å kapitulere. Berre dagar før hadde han fått meldingar om massakren i Perchtoldsdorf,Palmer, Alan, The Decline and Fall of The Ottoman Empire, s.12, Published by Barnes & Noble Publishing, 1992. ISBN 1-56619-847-X ein by sør for Wien som hadde gjeve nøklane til byen til osmanarane etter eit liknande val.

Innbyggjarane hadde øydelagd mange av husa kring bymurane og fjerna restane, slik at det låg ei open slette føre bymurane der osmanarane ikkje kunne gøyme seg om dei prøvde å storme byen. Kara Mustafa Pasja løyste problemet med å få styrkane sine til å grave lange grøfter i retning mot byen, slik at dei kunne kome seg trygt nærmare.

Sjølv om osmanarane hadde 300 gode kanonar, var festningsverka i Wien særs sterke og moderne, og osmanarane måtte finne meir effektiv bruk av krutet sitt: minekrig. Det vart grave tunnelar under dei massive bymurane for å sprenge dei i stykke med store mengder svartkrut.

Men osmanarane kom treigt i gang med dette, i tillegg til at armeen deira kom seint fram etter at dei hadde erklært krig, og ein støttestyrke nådde derfor fram før dei fekk utført planane. Historikarar har spekulert i at Kara Mustafa ønskte å ta byen intakt på grunn av dei store rikdomane, og ikkje ønskte eit frontalåtak for å hindre plyndringa som ville kome etter eit slikt åtak.

Den osmanske kringsetjinga stoppa all tilførsel av matforsyningar til Wien, og garnisonen og dei sivile frivillige leid hardt. Utmatting vart eit så stort problem at Graf Ernst Rüdiger von Starhemberg gav ordre om at alle soldatar som vart funnen sovande på vakt skulle skytast. I stadig større desperasjon var styrkane i Wien nesten i ferd med å gje opp då keisarstyrkane under hertug Karl V av Lorraine i august slo Imre Thököly av Ungarn i Bisamberg, 5 km nordvest for Wien.

Den 6. september kryssa polakkane under Jan III Sobieski Donau 30 km nordvest for Wien ved Tulln, og slo seg saman med keisarsoldatane og andre styrkar frå Sachsen, Bayern, Baden, Franken and Schwaben. Frankrike avslo å hjelpe rivalen frå Habsburg. Ludvig XIV av Frankrike nytta i staden høvet til å invadere dei vestlege områda av Det tysk-romerske riket, hovudsakleg Alsace [sjå gjenforeiningskrigen].

Tidleg i september sprengde dei erfarne 5 000 osmanske sappørane stadig store delar av bymurane, bastionen Burg, bastionen Löbel og utanverket Burg i mellom, og skapte eit om lag 12 km langt hol i muren. Forsvararane i Wien prøvde å hindre dette med å grave sine eigne tunnelar for å avskjere dei osmanske. Osmanarane klarte til slutt å okkupere utanverket Burg og Nieder-muren i det området den 8. september. Forsvararane venta at dei braut gjennom bymurane når som helst og førebudde seg på å kjempe innanfor bymurane.

Klargjering av slaget mini|Sobieski i Wien av Juliusz Kossak

Støttearmeen måtte handle raskt for å redde byen og hindre ei ny lang kringsetjing. Trass i at det var fleire nasjonar involvert og at det berre tok seks dagar, vart det oppretta ein effektiv leiarstruktur kring kongen av Polen og det tunge kavaleriet hans.

Kara Mustafa Pasja var derimot mindre effektiv, trass i at han hadde hatt månader på å organisere styrkane sine og sikre motivasjonen og lojaliteten deira, samt førebu seg på det venta åtaket frå hjelpearmeen. Han hadde gjeve ansvaret for det bakre forsvaret til Khanen av Krim og kavaleristyrken hans, som talde om lag 30 - 40 000 mann.

mini|venstre|Rustninga til polske hussarar, frå kring 1600-talet.

Det er usikkert kor mykje dei tatarske styrkane deltok i det endelege slaget i Wien. Khanen deira førte seg støytt av fleire irettesetjingar av Kara Mustafa og skal visstnok ha nekta å angripe den polske støttestyrken då dei kryssa fjella, der det lette tatarske kavaleriet kunne ha hatt ein fordel mot det tunge polske kavaleriet. I tillegg var dei ikkje dei einaste som opent nekta å utføre ordrane til Mustafa.

Dette gjorde at fleire bruer var uforsvarte slik at dei allierte styrkane kunne kryssast og nå fram til kringsetjinga.

Osmanarane kunne heller ikkje stole på dei allierte frå Valakia eller Moldavia. Romarane mislikte osmanarane, som la høge skattar på landa deira. Osmanarane blanda seg òg inn i den indre politikken i desse landa, og prøvde å erstatta dei herskande fyrstane med menn som kunne fungere som osmanske marionettar. Då George Ducas, fyrste av Moldavia og Şerban Cantacuzino, fyrste av Valakia fekk vite om dei osmanske planane, prøvde dei å åtvare habsburgarane. Dei prøvde òg å unngå å delta i felttoget, men osmanarane insisterte på at dei sende soldatar. Det er mange populære segner om dei valakiske og moldaviske styrkane under kringsetjinga. Mellom anna skal dei ha ladd kanonane sine med høyballar for at dei ikkje skulle øydeleggje bymurane.

Då keisarsoldatane nådde Kahlenberg oppfor Wien, sende dei signal med bål. Tidleg på morgonen den 12. september, før slaget, vart det halden ei messe for kongen av Polen og adelsmennene hans.

Slaget mini|266px|Slaget ved Wien, av Józef Brandt mini|Polske soldatar 1674-1696