Peugeot 508 er ein bilmodell frå Peugeot som i 2011 avløyste både Peugeot 407 og Peugeot 607.

Opphavleg var planen at 607 skulle avløysast av ein komande Peugeot 608, medan 407 skulle avløysast av ein komande Peugeot 408. Likevel meddelte dåverande leiar i PSA Peugeot Citroën, Philippe Varin, i november 2009 at 508 ville avløysa både 407 og 607.

PSA Peugeot Citroën kjem òg til å produsera Peugeot 508 for den kinesiske marknaden i samarbeid med Dongfeng Motor. Saman planlegg dei å selja 65 000 bilar lokalt i 2012. Forventa lansering i Kina er i midten av 2011.

Dongfeng Peugeot Citroen to Release the 508 in Mid-2011, ChinaAutoWeb.com, 5/10-2010.

508 kjem i dei same karosserivariantane som 407: 4-dørs sedan, 5-dørs stasjonsvogn (SW) og 2-dørs coupé.

Plattforma er den same som den som vert nytta på Citroën C5, og produksjonen vil skje på PSA Peugeot Citroëns fabrikk i Rennes i Bretagne.

Tekniske spesifikasjonar Modell Sylindrar Ventilar Slagvolumcm³ Max. effekt / omdr. Max. dreiemomentNm / omdr. 0-100 km/tsek. Toppfartkm/t Byggeår Bensinmotorar 1.6 VTi 4 16 1598 / 6000 160 / 4250 11,5 203 2011 − 1.6 THP 4 16 1598 / 6000 240 / 1400 8,6 222 2011 − Dieselmotorar 1.6 HDi 4 8 1560 / 3600 240 / 1750 11,3 190 2011 − 1.6 e-HDi 4 8 1560 / 3600 270 / 1750 11,9 197 2011 − 2.0 HDi 4 16 1997 / 4000 320 / 2000 9,8 210 2011 − 2.0 HDi 4 16 1997 / 3750 340 / 2000 9,2 225 2011 − 2.2 HDi 4 16 2179 / 3500 450 / 2000 8,2 234 2011 −

Utstyrsnivå Access (Sedan, SW) Active (Sedan, SW, Coupé) Allure (Sedan, SW, Coupé) GT (Sedan, SW, Coupé)

Motorar Motorprogrammet er den same 1,6 liters 4-sylindra bensin rekkemotoren som den som er utvikla i samarbeide med BMW, og som i dag mellom anna sit i MINI, Peugeot 207 og Peugeot 308. Dieselmotorane er 4-sylindra rekkemotorar HDi-motorar på 1,6, 2,0 og 2,2 liter i oppdaterte versjonar tilpassa utsleppskrava i Euro V.

Bensin 1.6 VTi 1.6 THP

Diesel 1.6 HDi 2.0 HDi og 2.2 HDi

Referansar

508 Kategori:Bilmodellar introduserte i 2011