ΘράκηThráki 110px(Nasjonalflagg) 100px|Plasseringa til Thráki i Hellas. 130px|Plasseringa til Thráki i Hellas på Balkan. Land: Hellas Hovudstad: Komotiní Periferi: Aust-Makedonía og Thráki Folketal: 346 259Folketeljing 2021 Areal: 8 578 km² Folketettleik: 40,3/km² Heimeside: Ministry for Macedonia–Thrace
Thráki (gresk Θράκη) eller Gresk Thráki, òg kalla Vest-Thrakia, er den nordaustlegaste av dei tradisjonelle regionane i Hellas. Thráki og regionane Thessalía og Makedonia vert ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.
Området dekkjer den sørvestlege delen av Thrakia og var ein del av Det osmanske riket fram til den første balkankrigen i 1912. I den andre balkankrigen kjempa Bulgaria og Hellas om området, men i București-traktaten tilfall Vest-Thrakia Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thrakia ein permanent del av Hellas i 1919-1920.
Geografi Gresk Thráki omfattar periferieiningane (tidlegare prefektura) Évros, Rodópi og Xánthi og inngår i periferien Aust-Makedonía og Thráki. I vest grensar regionen til Makedonia langs elva Néstos (Mesta), i nord dannar Rodopifjella ei grense mot Den thrakiske sletta (Nord-Thrakia), og mot aust er det elva Évros (Maritsa) som dannar grense mot Tyrkia og Aust-Thrakia, med unntak av eit lite område utanfor Edirne, der grensa går eit stykke inn på vestbreidda av elva.
Byar Dei største byane i Thráki (2021) er: 1. Alexandroúpoli 59 476 2. Xánthi 58 748 3. Komotiní 51 732 4. Orestiáda 18 164 5. Didymótikho 8 611
Periferieiningane
Dei tre thrakiske periferieiningane er:
Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021 </tr> Thráki Del av Aust-Makedonía og Thráki består av: 1 Periferieininga Xánthi Xánthi 1 793 km²108 195 2 Periferieininga Rodópi Komotiní 2 543 km²104 262 3 Periferieininga Évros Alexandroúpoli 4 242 km²133 802 Totalt Thráki Komotiní 8 578 km²346 259
Fotnotar
Thraki