Guy Aldonce de Durfort, duc de Lorges () var ein fransk adelsmann, soldat og marskalk av Frankrike,
Bror hans, Jacques Henri de Durfort de Duras, var òg fransk marskalk. I niårskrigen kommanderte han den franske armeen i Tyskland frå 1690 til 1695. Den 27. september 1692 slo han kavaleriet til keisaren på 4 000 mann kommandert av hertug Fredrik Karl av Württemberg-Winnental. Året etter tok han byen Heidelberg.
Han fekk fem døtrer og ein son. Den eldste dottera Marie Gabrielle de Durfort de Lorges gifta seg med Louis de Rouvroy, duc de Saint-Simon, medan ei anna dotter, Geneviève, gifta seg med Antoine Nompar de Caumont, hertugen av Lauzun.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Guy Aldonce de Durfort de Lorges» frå , den 25. januar 2012.
Kategori:Hertugar av Lorges Kategori:Franske marskalkar Kategori:Fransk adel Kategori:Den Heilage Ande-ordenen Kategori:Franskmenn i niårskrigen