Slaget ved Leuze fann stad den 18. september 1691 og var eit kjent fransk kavaleriåtak i niårskrigen, mot ein større allierte styrke.
Marskalk Luxembourg fekk melding om at Vilhelm III av Oranien hadde reist til England i den tru om at felttoget for 1691 var over. Waldeck, som no hadde kommandoen, var i ferd med å gjere klar for vinterkvarter.
Marskalk Luxembourg var nær Tournai fekk Marsilly til å rekognosering. Hovudarmeen til dei allierte var på veg bort, medan ein baktropp av kavaleristar var att ved Leuze. Luxembourg handla raskt. Han sende ei avdeling til å følgje etter hovudarmeen, og med skvadronane til Villars og Marsilly gjekk han til åtak utan åtvaring. Det franske kavaleriet gjekk til åtak og nytta berre sverda sine.
Det allierte kavaleriet var større, men kunne ikkje mønstre fordi dei hadde avgrensa plass til å manøvrere i. Det allierte infanteriet, inkludert regimentet til Mackayhttp://www.spanishsuccession.nl/armies_up/regiment_uf58_murray.html tok òg del i slaget, men fekk ikkje utretta stort.
Slaget varte berre i to timar, men var ein total siger for franskmennene. Dei flyktande soldatane som var att av det allierte kavaleriet vart redda av soldatar sende attende av Waldeck. Luxembourg hadde delteke midt i slaget sjølv og måtte forsvare seg mot direkte åtak mot seg sjølv.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Leuze» frå , den 26. januar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konfliktar i 1691 Kategori:Slag i niårskrigen Kategori:Franske slag Kategori:Engelske slag Kategori:Skotske slag Kategori:Slag med Dei sameinte Nederlanda