Acridotheres er ei biologisk slekt av starar, artar som på engelsk er kalla typiske døme på myna eller mynah, og er tropiske familiemedlemmer av Sturnidae. Denne slekta har representantar i tropisk Sør-Asia frå Iran aust til Sør-Kina og Indonesia. To artar har blitt innførte breitt andre stader. Hyrdestare har vorte introdusert til Sør-Afrika, Israel, Hawaii, Nord-Amerika, Australia og New Zealand, og krøllstare til Vancouver-regionen i British Columbia.
Acridotheres-artar er generelt mørke eller lite iaugefallande fuglar med fløytetona rop som dei fleste andre starar; kjønna er like. Dei rører seg bortetter ved å gå heller enn å hoppe, og som andre starar har dei tilpassingar i skalle og muskulatur, som gjer fuglane i stand til å søkje med opne nebb. Acridotheres liknar Gracula-starar, som har store kvite eller gulbrune vengeflekker som er synlege i flukt, og nokre òg har nakne område på hovudet, men skil seg ved at berre fjørene på hovudet har glans, og undersida av kroppen har tendens til å vere bleikare. Dei nakne flekkene på hovudet er ulike i form og plassering. Acridotheres-starar er òg mykje meir bakkelevande enn Gracula.
Dei har oppvisinga med bukking under kurtise, noko Gracula manglar. Dei legg einsfarga lyseblå egg.
Fleire artar har fjørtoppar i panna som blir dekte med pollen når fuglane tar nektar frå blomar, det kan spele ei rolle i pollinering.
Som dei fleste staren, er Acridotheres-artane ganske altetande, og tar frukt, nektar og insekt.
Artslista Acridotheres-starar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Hyrdestare, Acridotheres tristis, Common Myna, Linné, 1766, (LC) Landsbystare, Acridotheres ginginianus, Bank Myna, Latham, 1790, (LC) Vinstare, Acridotheres burmannicus, Vinous-breasted Starling, Jerdon, 1862, (LC) Svartvengstare, Acridotheres melanopterus, Black-winged Starling, Daudin, 1800, (CR) Krattstare, Acridotheres fuscus, Jungle Myna, Wagler, 1827, (LC) Javastare, Acridotheres javanicus, Javan Myna, Cabanis, 1851, (VU) Grasstare, Acridotheres cinereus, Pale-bellied Myna, Bonaparte, 1850, (LC) Kragestare, Acridotheres albocinctus, Collared Myna, Godwin-Austen & Walden, 1875, (LC) Engstare, Acridotheres grandis, Great Myna, Moore, F, 1858, (LC) Krøllstare, Acridotheres cristatellus, Crested Myna, Linné, 1758, (LC)
Kjelder Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Acridotheres» frå , den 29. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar: Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X Grimmett, Richard; Inskipp, Carol, Inskipp, Tim & Byers, Clive (1999): Birds of India, Pakistan, Nepal, Bangladesh, Bhutan, Sri Lanka, and the Maldives. Princeton University Press, Princeton, N.J.. ISBN 0-691-04910-6 Jønsson, Knud A. & Fjeldså, Jon (2006): A phylogenetic supertree of oscine passerine birds (Aves: Passeri). Zoologica Scripta 35(2): 149–186. (HTML abstract) Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. (HTML abstract)
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Starefamilien Kategori:Fugleslekter