Polsk notasjon er ein skrivemåte for aritmetiske og logiske uttrykk som ikkje krev bruk av parantesar eller ei bestemt rangfølgje for operatorane. Notasjonen vart utvikla av den polske matematikaren Jan Łukasiewicz.

Notasjonen finst i to variantar, prefiks- og suffiksnotasjon, den siste vert òg kalla omvendt polsk notasjon.

Døme Det aritmetiske uttrykket

vert i omvendt polsk notasjon skriven slik

Ved utrekninga går ein frå venstre mot høgre fram til ein møter ein operator (her +) som får virke på operandane som står føre (her a og b). Resultatet vert oppbevart, og utgjer ein av operandane for neste operator, som her er · og gjev multiplikasjonen av den oppbevarte summen med storleik c osv. Polsk notasjon er ein økonomisk måte å skrive og lagre uttrykk på, og overføring til polsk notasjon er ofte eit ledd i omsetjinga til kompilatorar av datamaskinprogram til maskinspråk. Mange lommekalkulatorar nyttar seg òg av polsk notasjon.

Kjelder polsk notasjon. (2012-01-31) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/polsk_notasjon

Kategori:Matematisk notasjon Kategori:Vitskap og teknologi i Polen