mini|Barokkaltartavla i Oslo domkyrkje frå ca. 1699. Arbeidet med altartavla var påbyrja av ein ukjent nederlandsk kunstnar, men avslutta av norske treskjerarar ved Lars Sivertsen i akantusstil.M.C. Kirkebøe: Oslos kirker i gammel og ny tid, ny utgave ved Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, Kunnskapsforlaget, 2007, side 23 Altartavla er i tre delar; nedre del synar nattverden, i midten Kristus på krossen med Maria og Johannes og øvst den sigrande Kristus. Kirsten Toller, ei rik enkje busett i Oslo gav 500 riksdalar for å få altartavla utført og den blei utstyrt med våpenskjoldet til familien hennar.Oslo Domkirke: Barokkinteriøret Ei altartavle er eit religiøst kunstverk i ei kristen kyrkje som står over eller bak altaret.
Altartavla kan vere utført av ymse materiale, som til dømes tre eller stein. Ei altartavle kan vere rikt utsmykka med utskjeringar og med eit måleri i midtfeltet.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjearkitektur Kategori:Kyrkjeleg interiør Kategori:Altar