Sils-sjøen (tysk Silsersee, retoromansk Lej da Segl) er ein innsjø i den øvre Engadindalen i Graubünden i Sveits. Han har namn frå landsbyen Sils im Engadin. Innsjøen ligg 1797 meter over havet mellom Malojapasset og Silvaplanasjøen.

Sils-sjøen har eit overflateareal på 4,1 km². Han er den største innsjøen i Engadin og den største naturlege innsjøen i Alpane som ligg over 1 000 meter over havet.Johannes Eue, Wandern im Engadin, s. 29 Innsjøen vart danna av eit førhistorisk jordras, på liknande vis som Silvaplanasjøen.Stephen G. Evens, Natural and Artificial Rockslide Dams, p. 103

Det går båttransport på sjøen frå slutten av juni til slutten av september og er ein av dei høgastliggande innsjøane i Europa med kollektivtrafikk.Sils im Engadin , Hiking in Switzerland, wanderland.ch

Dei største landsbyane ved Sils-sjøen er Sils im Engadin og Maloja (del av Bregaglia).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Sils» frå , den 4. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

mini|venstre|Lake Sils (background), with Lake Silvaplana (center) and St. Moritz (foreground)

Sils Kategori:Innsjøar i Graubünden Kategori:Engadin