Carl Johansen () er ein norsk forfattar og politikar frå Sunndalsøra.
Han romandebuterte i 2011 med romanen Skinn på forlaget Vigmostad & Bjørke. I 2020 gav han ut romanen Ferguson. A Novel på engelsk. Han har bidrege med noveller i ei rekke antologiar, og dessutan skrive manus for TV. Tekstane til Johansen er omsett til kinesisk, polsk og latvisk, og nytta som pensum i VGS.
Johansen har studert statsvitskap og idéhistorie ved Universitetet i Oslo, og gått Forfattarstudiet i Bø. Han er folkevald til fylkestinget i Møre og Romsdal for Miljøpartiet Dei Grøne.
Utgjevingar Antologien til Forfatterstudiet i Bø (2005) 25 episodar av Hotel Cæsar (2008–2010) «Lonely is the word, essay (Vinduet 4/2010) Noveller i antologiane Tapt og funnet, Pilot, Det er bare å lukke øya og Jakten på tirsdag (Cappelen Damm 2005–2013) Skinn, roman (Vigmostad & Bjørke 2011) Grünerløkka, forteljingar (Vigmostad & Bjørke 2017) Kynismer, aforismar og dikt (Vigmostad & Bjørke 2018) «Rattus norvegicus», Intertekst VG1 (Fagbokforlaget 2020, fyrst publisert i Grünerløkka) Ferguson. A novel (Grey Slate Press 2020)
Referansar
Bakgrunnsstoff Utgjevingar av Carl Johansen i BIBSYS
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Sunndal Kategori:Forfattarar frå Møre og Romsdal Kategori:Norske romanforfattarar kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2011