Plessurfjella er ei fjellkjede i Alpane aust i Sveits. Ho vert rekna som ein del av Dei sentrale Alpane. Fjella er kalla opp etter elva Plessur, som spring ut midt i fjella. Plessurfjella er fråskilde Glarus-Alpane i vest av Rhinendalen; frå Rätikonfjella i nord av Landquartdalen (Prättigau); frå Albulafjella i søraust av Landwasserdalen; og frå Oberhalbsteinfjella i sør av Albuladalen.

Plessurfjella vert drenerte av elvane Rhinen, Plessur, Landwasser og Landquart. Vintersportsstaden Arosa ligg midt i fjellkjeda.

Av fjelltoppar i Plessurfjella finn ein Aroser Rothorn (høgast på 2985 moh.) og Stätzer Horn (2576 moh.).

Fjellovergangar i Plessurfjella er Strela-passet, frå Davos til Langwies, på 2377 moh.

Galleri

Sjå òg Dei sveitsiske Alpane

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Plessur Range» frå , den 5. februar 2012. oppgav desse kjeldene: Swisstopo-kart

Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Sveits Kategori:Fjellkjeder i Graubünden