thumb|Oscarshall på Bygdøy i Oslo. thumb|Naturhistorisk museum i Bergen thumb|«Malthegården» eller «Maltheby» thumb|Wergelandsveien 25 i Oslo thumb|«Heibergløkken» thumb|«Stenpakkhuset» i Toldbodgata 1 i Oslo Johan Henrik Nebelong (), fødd og død i København, var ein dansk arkitekt. I Noreg er han særleg kjent som arkitekten bak Oscarshall på Bygdøy, men har også stått for dei naturhistoriske samlingane ved Bergen Museum, hovudbygninga på Bærums Verk og den mellomalderinspirerte kommandantbustaden på Akershus festning.
Nebelong var son av ein skomakar og yngre bror av arkitekt Niels Sigfred Nebelong. Han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København i 1833-1839 under professor G.F. Hetsch.
Nebelong kom til Noreg i 1840 for å assistere Hans Ditlev Franciscus von Linstow i arbeidet med Slottet. Han verka på same tid som lærar ved Den kongelege Teikne- og Kunstskole i Christiania fram til 1853.
Saman med mellom andre I. C. Dahl var han med på å stifte Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring i 1844 og sat i styret fram til 1853.
I 1847 fekk han i oppdrag å teikne Oscarshall etter ynskje frå kong Oscar I og dronning Joséphine.Bygginga av Oscarshall frå Kongehuset.no Han har teikna sjølve bygningen, interiør og det meste av møbla. Han stod og for parken og bygningane der.
I 1853 returnerte Nebelong til Danmark. I åra 1853-1855 arbeide han ved Kunstakademiets Arkitektskole. Han var medlem av Charlottenborgs Utstillingskommisjon 1858-1866 og bygningsinspektør for Københavns 1. Distrikt 1856-1858. Han blei utnemnd til titulær professor i 1860 og medlem av Akademiet frå 1855.
Nebelong fortsette og som arkitekt i Danmark og teikna ei rekke offentlege og private bygningar. I tillegg arbeide han med møblar og interiør.Johan Henrik Nebelong (1806-71) frå Artemisia
Verk i Noreg 1840–1848 - Interiør til Det Kongelege Slott 1842 - Karl Johans gate 31, seinare bygd om til Grand Hotel (1874) 1844 - Akersgata 65/Teatergata 1 leigegarden «Malthegården» eller «Maltheby» 1844 - Kommandantbustaden på Akershus festning, seinare kalla General Glads bolig 1844 - Gravmonument i støypejarn over forfattaren Mauritz Hansen ved Kongsberg kyrkje 1844 - Stakitt i støypejarn kring Wedelmonumentet på Bygdøy 1845–1847 leia arbeidet med utgraving og restaurering av klosterruinane på Hovedøya 1845–1849 - Lungegårdshospitalet for spedalske i Bergen, brent ned i 1853 1845–1846 - Parkveien 27 (truleg Nebelong), «Villa Mysosten» 1846 - To bruer til hagen ved Bygdøy Kongsgård 1846 - Wergelandsveien 29, villa i nygotikk som eigen bustad 1847, revet 1918 for oppføring av lærarskule (nå: Oslo lærerhøgskole) 1847 - Wergelandsveien 25, villa 1847 - Rosenkrantz' gate 7 1847 - Sørligata 54, «Heibergløkken» eller «Professorløkken», sumarhus for professor Christian Heiberg 1847–1852 Oscarshall lystslott med kavalerbygning, portnarbustad, parkanlegg og gartneri på Bygdøy 1848 - Hovudbygninga på Bærums Verk for hoffsjef baron Harald Wedel Jarlsberg 1849 - Gravmonument i stein og støypejarn for jernverkseigar Jacob Aall på Holt kyrkjegard ved Arendal 1849–1852 - Ombygging og restaurering av Heddal stavkyrkje i Telemark 1849–1852 - Hovudbygning ved Rønnerud gard - gardsanlegg på Jevnaker 1850-åra Villa og parkanlegget «Alunverket» på Grønlia ved Christiania, rivd i 1877 Portnarbustad og gartnarbustad på Fløia 1850 - Landfalløya i Lier 1850 - Toldbodkaia 1, «Stenpakkhuset», lager for den gamle tollboden 1852 - Kroer kyrkje i Akershus, brent ned i 1924 1854–1860 Utkast til standardiserte kyrkjebygg i samarbeid med Christian H. Grosch og Heinrich Ernst Schirmer 1860-åra - Prinsensgate i 3a og 3b 1862–1867 - Naturhistorisk museum i Bergen 1867 - Deset kyrkje i Østerdalen reist etter standardteikningar av Nebelong
Verk i Danmark Dronning Caroline Amalie sitt bibliotek på Amalienborg (1853, med møbler av C.V. Nielsen) Konduktør for M.G. Bindesbøll ved oppføringa av Oringe Sindssygehospital (frå 1854) Fullføring av Oringe Sindsygehospital (1857) Bygning for artillerigeneralen og Tøjhusmuseets kontorer, Frederiksholms Kanal 29, København (1862) Klampenborg Badehotel (1866, brent ned i 1923) Vesterbrogade 94 , København (1868) Tilbygg til Oringe Sindsygehospital (1868-71, fullført av broren N.S. Nebelong) Gammel Kongevej 25, København (1869) Borgerstiftelsen i Vordingborg (1870) Kvalbø kyrkje, Færøyane (1859, riven)
Referansar
Kategori:Folk frå København Kategori:Danske arkitektar