Jenny Mari Lind () var ein svensk operasongar kjend som «den svenske nattergal». Alt som 10-åring byrja ho synge Vaudeville, og 18 år gamal debuterte ho. På grunn av overbelastning vart ho send til Paris, der ho studerte. Ho hadde engasjement både der og i Tyskland.

Då ho oppheldt seg i London slost teatera om å få henne på programmet. I 1850 la ho ut på ein årelang turné til USA. Etter at ho trekte seg tilbake frå scena, var ho knytt til Royal College of Music i London. Frå 1843 var ho venninne med H.C. Andersen, som besøkte henne i 1845 i Berlin. Ho vart gift med pianisten Otto Goldschmidt (1830-1907) i 1852. Dei slo seg seinare ned i England. Jenny Lind døydde i Malvern i 1887.

Sedelen for 50 svenske kroner har bilete av Jenny Lind.

Kategori:Svenske musikarar Kategori:Svenske operasongarar Kategori:Musikarar frå Stockholm