La Dôle er eit fjell i Jurafjella i Vaud vest i Sveits med ei høgd på 1677 meter over havet. Det er den nest høgaste toppen i dei sveitsiske Jurafjella, etter Mont Tendre.
La Dôle ligg oppfor sørausttoppen La Barillette, byen Nyon, Genfersjøen og på andre sida av innsjøen Bern-Alpane Chablais-Alpane og Mont Blanc. I sør ligg Geneve og kantonen Geneve; i nord landsbyen Les Rousses. Dôle-massivet har ein annan topp nordaust, Pointe de Poêle Chaud. Skardet mellom dei ligg 1557 moh.
mini|left|Radar på toppen La Dôle-massivet er den nordvestlegaste delen av Det sveitsiske platået. Det går skiheisar opp nordvestsida av fjellet. Det står ein flyradar, ein vêrstasjon og eit fjernsyn- og radiotårn på toppen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «La Dôle» frå , den 8. februar 2012.
Basert på den franske artikkelen.
Bakgrunnsstoff "La Dôle: The Jura's answer to Alpane" av Dwight Peck;
Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Vaud Kategori:Fjell i Jurafjella