Angola, tidlegare Folkerepublikken Angola, er ein republikk i Sørvest-Afrika. Angola har kyst mot Atlanterhavet og har grense mot Kongo-Brazzaville, Kongo-Kinshasa, Namibia og Zambia. Den angolske provinsen Cabinda er ein enklave som er skild frå resten av landet av Kongo-Brazzaville. Cabinda har Angola si einaste grense mot Kongo-Brazzaville. Hovudstaden og den folkerikaste byen er Luanda, som ligg ved kysten nordvest i landet.

Angola er medlem av Dei sameinte nasjonane, Den afrikanske unionen, Samveldet av portugisiskspråklege land, og Samarbeidsorganisasjonen for det sørlege Afrika. I 2025 var det estimerte folketalet i landet 39 millionar. Angolansk kultur speglar fleire hundreår med portugisisk påverknad, mellom anna den viktige rolla til portugisisk som språk og den katolske kyrkja som religion, blanda med mange ulike innfødde skikkar og tradisjonar.

mini|venstre|Kart over Angola

Angola har vore folkesett sidan eldre steinalder. Etter at bantuekspansjonen nådde området var det blitt skipa statar på 1200-talet som seinare danna føderasjonar. Kongoriket fekk overherredøme over dei andre statane frå 1300-talet av. Portugisiske utforskarar skipa samband med Kongo i 1483. I sør var kongerika Ndongo og Matamba, med Ovimbunduriket lenger sør, og Mbundariket i aust. Portugisarane byrja kolonisera kysten frå 1500-talet av. Kongoriket kjempa tre krigar mot Portugal, som enda med at portugisarane overvann Ndongo og Angola blei del av det portugisiske imperiet.

Som for andre portugisiske koloniar medførte militærkuppet i kolonimakta i 1974 ein rask frigjeringsprosess. For Angola drygde denne på grunn av maktkamp mellom tre ulike geriljagrupper og ein stor europeisk minoritet i landet. Landet fekk fullt sjølvstende først i 1975.

Den marxist-leninistiske geriljaen MPLA med støtte frå Sovjetunionen tok kontrollen over hovudstaden Luanda og store delar av resten av landet. Den USA- og Zairestøtta FNLA-geriljaen blei raskt marginalisert, medan Unita-geriljaen med støtte frå Sør-Afrika og seinare USA heldt eit fast grep om dei sørlege delane av landet.

MPLA hadde to presidentar, Agostinho Neto fram til 1979 og deretter José Eduardo dos Santos, som vann det demokratiske presidentvalet i 1992 under ein kort fredsperiode mellom dei to stridande partane. Dei skreiv under på ein fredsavtale i 1994, men verkeleg fred kom først etter at Unita-leiaren Jonas Savimbi blei drepen i 2002.

Sidan slutten av borgarkrigen har Angola blitt omdanna til ein relativt stabil konstitusjonell republikk, med ein av dei raskast veksande økonomiane i verda. Den økonomiske veksten har likevel vore svært ujamn, med det meste av rikdommen konsentrert i ei uforholdsmessig liten del av folkesetnaden i landet. Dei fleste innbyggjarane i Angola har låg levestandard. Forventa levealder er blant dei lågaste i verda, medan spedbarnsdødelegheita er blant dei høgaste.

Ordsoge

Namnet «Angola» kjem frå det portugisiske kolonialnamnet (‘Kongedømet Angola’), som blei nytta så tidleg som i Paulo Dias de Novais sitt charter frå 1571. Stadnamnet blei danna av portugisarar frå tittelen ngola, som blei nytta av herskarane i Ndongo og Matamba. Ndongo i høglandet, mellom elvene Cuanza og Lucala, var nominelt underlagt Kongoriket, men på 1600-talet søkte det større sjølvstende.

Geografi mini|venstre|Topografisk kart over Angola Det meste av Angola ligg på Kalahari-platået. I nord er eit overgangsområde mellom det sørlege platået og Kongobassenget.

Langs Atlanterhavet strekkjer det seg ei smal kystslette som til dels består av yngre sedimentbergartar med oljeførande lag. Breidda på kystsletta er 70–150 km. Til kystsona høyrer òg den vesle enklaven Cabinda nord for munningen til Kongoelva.

Innanfor kystsletta hevar det seg eit breitt grunnfjellsplatå som har tydelege terrassar, mest markert der høglandet fell ned mot kysten. Nokre stader har platålandet karakter av fjell, mest utprega i Serra da Chela i sørvest. Ein horstrygg med Serra Môco (2620 moh.) som det høgaste punktet, går i retning sør–nordaust og dannar eit markert vasskilje. Austom fjella ligg det høgtliggande Bié-platået (1500–1800 moh.).

Omtrent halvparten av dei talrike elvane i landet har avrenning mot Kongoelva, medan dei andre stort sett har avrenning mot Zambezi. Berre nokre få renn rett ut i Atlanterhavet, mellom anna Cuanza (Kwanza), den lengste elva i landet (965 km lang), og Kunene, som dannar grense mot Namibia i sør. Cubango renn ut i Okavango. Cuango er ei sideelv til Zambezi som renn ut i Indiahavet. I den austlege delen av Bié-platået spring mellom anna Cuango og Kasai ut, begge sideelvar til Kongo.

Den søraustlege delen av Angola dannar ein jamn overgang mot Kalahari. Platåa er låge, 500–700 moh., og terrenget er forholdsvis flatt.

Klima mini|venstre|Klimasoner i Angola etter Köppen-klassifisering. Store delar av Angola ligg på eit høgareliggande platå, og har eit klima som er tropisk, med ei enkel regntid frå oktober til mars, og ei lang tørketid i mellom. Huambo har ein normal årsnedbør på 1448 mm. På grunn av høgda vert ikkje temperaturen så høg som ein kunne vente i tropane, og fører til eit ganske behageleg klima.

Over 1500 moh. er temperaturane meir tempererte, og ikkje tropiske, og ein kan få episodar med frost. Tørketida er ein månad kortare i dei nordlege områda av landet samanlikna med Huambo som har fem månadar utan regn. Dei indre områda får stort sett mellom 1000 og 1500 mm i løpet av regntida.

Kysten av Angola er derimot uvanleg for desse breiddegradene. Temperaturen og nedbørsmengdene er mykje lågare på grunn av den kalde Benguelastraumen utanfor kysten. Denne fører til oppvelling av kaldt havvatn, og dei stabile forholda det fører med seg hindrar danninga av regnbyer. Kystbyen Moçâmedes har ein normal årsnedbør på 55 mm. Kystområda har ørken- eller steppelandskap nordover mot Luanda, men nedbørsmengdene aukar gradvis nordover, og heilt nord får ein om lag 600 mm i året. Kystområda får òg mykje låge skyer og tåke når varm luft strøymer utover den kalde havflata. I samband med austleg vind kan temperaturen bli ganske høg, men vanlegvis vert ikkje temperaturen noko særleg høgare enn 25 °C.

Historie

portrett|mini|Kong João I, manikongo av Kongoriket. Dagens Angola var hovudsakleg folkesett av nomadiske khoi- og sanfolk før dei fyrste bantumigrasjonane. Khoi- og sanfolka var jegerar og sankarar, i staden for å driva husdyrhald eller dyrka jorda.

I det fyrste tusenåret f.Kr. blei desse folka fortrengde av bantufolk frå nord. Dei fleste av desse kom truleg opphavleg frå det som i dag utgjer Nordvest-Nigeria og sørlege Niger. Bantufolka innførte dyrking av banan og taro, i tillegg til store flokkar med storfe, til dei sentrale høglanda i Angola og Luanda-sletta.

Etter at nykomarane busette seg i området utvikla det seg ei rekkje politiske einingar. Den best kjende av desse var Kongoriket. Det strekte seg nordover frå dagens Angola til det som no er Den demokratiske Republikken Kongo, Republikken Kongo og Gabon. Det etablerte handelsruter med andre bystatar og sivilisasjonar opp- og nedover kysten i Vest- og Sørvest-Afrika. Kjøpmenn knytte til denne ruta kom til Store Zimbabwe og Mutapariket, men riket hadde lite eller ingen handel over havet. I sør låg kongeriket Ndongo, som etter koloniseringa av Portugal av og til blei kalla Dongo. Ved sidan av dette riket låg kongeriket Matamba. Det mindre kongeriket Kakongo i nord blei seinare ein vasallstat av Kongoriket. Folk i alle desse statane snakka kikongo som fellesspråk.

Portugisisk kolonisering venstre|mini|portrett|Våpenet kong Afonso I av Kongo tildelte kong Manuel I av Portugal. Den portugisiske utforskaren Diogo Cão kom til området i 1484. Året før hadde portugisarar skipa samband med Kongoriket, som på denne tida strekte seg frå dagens Gabon i nord til elva Kwanza i sør. Portugisarane grunnla den fyrste handelsposten sin i Soyo, som i dag er den nordlegaste byen i Angola om ein ser bort frå Cabinda-eksklaven.

Paulo Dias de Novais grunnla São Paulo de Loanda (Luanda) i 1575 med hundre busetjarfamiliar og fire hundre soldatar. Benguela blei skipa som festning i 1587 og fekk bystatus i 1617. Kongoriket var ein autoritær stat som var sentralisert rundt monarken og kontrollerte naboland som vasallar. Det hadde ein sterk økonomi, basert på industri og handel knytt til kopar, elfenbein, salt, skinn og i mindre grad slavar. Overgangen frå eit føydalt samfunn med slaveri til eit kapitalistisk samfunn med Portugal ville visa seg å vera avgjerande for historia til Kongoriket.

Etterkvart som sambandet mellom Kongo og Portugal auka på byrjinga av 1500-talet, auka også handel mellom dei to kongerika. Størstedelen av handelen var i raffia, koppar og elfenbein, men òg aukande mengder slavar. Kongo eksporterte få slavar, og slavehandelen hadde halde seg innanfor landet. Men etter at det blei utvikla vellykka sukkerdyrkande koloniar etter at portugisarar slo seg ned på São Tomé, blei Kongo ei viktige kjelde til slavar for handelsmenn og plantasjar på øya. Korrespondanse frå kong Afonso dokumenterer kjøp og sal av slavar innanfor landet. Dokumenta fortel òg om kva slavar som var blitt tekne som krigsfangar blei gjevne eller selde til portugisiske handelsmenn.

Afonso heldt fram med å utvida kongeriket Kongo på 1540-talet, og utvida grensene i sør og aust. Folkevekst i Kongo, i lag med tidlegare religiøse reformer under Afonso, lét herskaren sentralisera makta til hovudstaden og auka makta til monarken. Han etablerte òg eit kongeleg monopol på nokre typar handel. For å styrka den veksande slavehandelen kravde Afonso og fleire portugisiske kongar eit felles monopol på den eksterne slavehandelen.

Slavarhandelen blei i aukande grad den primære og kanskje einaste økonomiske sektoren i Kongo. Ei stor hindring for Kongoriket var at slavar var den einaste vara dei europeiske maktene var villige til å handla med. Kongo mangla ein effektiv internasjonal valuta. Kongolesiske adelsfolk kunne kjøpa slavar med den lokale valutaen, nzimbu-skjel. Desse kunne seljast for å få internasjonal valuta.

Ettersom slavar var den einaste vara europearar var interesserte i frå regionen på 1500- og 1600-talet, kunne ikkje Kongo-økonomien ikkje diversifisera økonomien sin eller seinare industrialisera seg utanfor sektorar som slaveri var involvert i, som våpenindustrien.Rinquist, John: Kongo Iron: Symbolic Power, Superior Technology and Slave Wisdom, African Diaspora Archaeology Newsletter, Volume 11, Issue 3, September 2008, Article 3, pp.14–15 Den auka produksjonen og salet av våpen i kongeriket var på grunn av det fremste problemet med slavehandelen, som var blitt ein stadig meir valdeleg kamp. Det var eit konstant behov for slavar som kongane og dronningane kunne selja i bytte for utanlandske råvarer. Mangelen på dette ville hindra dei i å ha noko innverknad med europeiske makter som Portugal og seinare Nederlanda.

Kongolesiske kongar trong denne innverknaden for å få støtte frå europeiske makter for å slå ned lokale opprør. Situasjonen blei stadig vanskelegare under Garcia II, som trong hjelp frå det nederlandske militæret for å driva ut portugisarar frå Luanda, til trass for at Portugal var den viktigaste slavehandelspartnaren til Kongo.

Tidlege på 1600-talet gjekk talet på utlendingar fanga av kongolesarane som kunne seljast som slavar ned. Styresmaktene byrja å godkjenna å dømma frie kongolesiske borgarar til slaveri for relativt små brotsverk, nesten alle for ulydnad mot det autoritære systemet og aristokratiet. Dersom fleire landsbybuarar blei dømde for å ha gjort eit brotsverk, blei det relativt vanleg at heile landsbyen blei gjort til slavar. Det resulterande kaoset og den interne konflikten frå styret til Garcia II fortsette under sonen og etterfølgjaren hans, Antonio I. Han blei drepen i 1665 av portugisarar i Slaget ved Mbwila, saman med ein vesentlig del av aristokratiet. Kolonimaktene utvida innverknaden sin.Thornton, John K: Warfare in Atlantic Africa 1500–1800, 1999.