mini|250px|Kart over bydelane i Bergen. mini|250px|Bryggen i Bergen ligg i Bergenhus. Foto: Nina Aldin Thune. Bergenhus er ein bydel i Bergen som omfattar dei sentrale delane av byen. Bergenhus grensar i nord til Åsane, i aust til Arna, i sør til Årstad og i sørvest til Laksevåg. Bydelen vart skipa ved samanslåinga av dei tidlegare bydelane Sentrum og Sandviken. Det var 38 544 innbyggjarar i bydelen Bergenhus i 2011.
Bergenhus omfattar mellom anna strøka Sandviken, Ladegården, Skuteviken, Bryggen, Eidemarken, Skansen, Vågsbunnen, Marken, Nordnes, Verftet, Nøstet, Engen, Sydnes, Møhlenpris, Nygård og Kalfaret.
Kjelder
Store Norske Leksikon om Bergenhus, henta inn 14. februar 2012. Bokmålswikipedia om Bergenhus, henta inn 14. februar 2012.
kategori:Bergenhus kategori:Bydelar i Bergen