Vitskapsåret 1710 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1710.
Hendingar Alexis Littré føreslo i Diverse observations anatomiques ein kolostomi for å fjerne hinder i tjukktarmen. Den Kungliga Vetenskaps-Societeten i Uppsala vart grunnlagd i Uppsala som Collegium curiosorum. Jakob Christof Le Blon fann opp trefargetrykk med raudt, blått og gult blekk. Seinare tilførte han òg svart og laga den tidlegaste firefargetrykket. An argument for Divine Providence, taken from the constant regularity observed in the births of both sexes av John Arbuthnot inneheld tidlege statistiske resonnement.
Fødde 15. april - William Cullen (død 1790), skotsk lege og kjemikar. 25. april - James Ferguson (død 1776), skotsk astronom. 10. juni - James Short (død 1768), skotsk matematikar og optikar. 21. juli - Paul Möhring (død 1792), tysk lege og vitskapsmann. 20. august - Thomas Simpson (død 1761), britisk matematikar. 3. september - Abraham Trembley (død 1784), sveitsisk naturforskar. William Heberden (død 1810), engelsk lege. Johann Bernoulli II (død 1790), sveitsisk matematikar.
Døde mini|Ole Rømer, frå Berømte danske mænd og kvinder av J P Trap 25. februar - Daniel Greysolon (fødd ca 1639), fransk oppdagar. 25. juli - Gottfried Kirch (fødd 1639), tysk astronom. 19. september - Ole Rømer (fødd 1644), dansk astronom.