Vitskapsåret 1804 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1804.

Hendingar 14. mai - Lewis og Clark-ekspedisjon reiste frå Camp Dubois for å utforske elva Missouri. Friedrich Sertürner lukkast å isolere morfin frå opium. William Hyde Wollaston oppdaga grunnstoffet palladium og korleis ein framstiller platina. Jöns Jacob Berzelius oppdaga grunnstoffet cerium. Smithson Tennant oppdaga grunnstoffa iridium og osmium. William Hyde Wollaston oppdaga grunnstoffet rhodium. Alexander von Humboldt oppdaga at magnetfeltet til jorda minkar frå polane til ekvator. Joseph Louis Gay-Lussac og Jean Baptiste Biot studerte atmosfæren frå ein varmluftballong. Richard Trevithick bygde sitt første jernbanelokomotiv.

Prisvinnarar Copleymedaljen: Smithson Tennant, britisk kjemikar. Rumfordmedaljen: John Leslie, skotsk fysikar og matematikar.

Fødde 8. mars - Alvan Clark, amerikansk astronom og teleskopmakar (død ). 24. mars – Emil Lenz, baltisk-tysk fysikar (død ). 20. juli - Richard Owen, britisk anatom og paleontolog (død ). 14. september - John Gould, britisk ornitolog (død ). 24. oktober - Wilhelm Eduard Weber, tysk fysikar (død ). 10. desember - Carl Gustav Jakob Jacobi, tysk matematikar (død ) Robert Schomburgk, oppdagar (død ). William Stokes, irsk lege (død ). Matthias Schleiden, tysk botanikar (død ).

Døde 6. februar - Joseph Priestley, britisk prest, pedagog og kjemikar (fødd ). 20. september - Pierre François André Méchain, fransk astronom (fødd ). 2. oktober - Nicolas-Joseph Cugnot, fransk ingeniør og oppfinnar (fødd ).