Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov () var ein russisk fysikar med viktige bidrag innanfor faststoffysikk.
Han tok doktorgraden i fysikk i 1951 ved Det fysiske instituttet i Moskva, og var seinare tilsett ved Landau-instituttet for teoretisk fysikk i Moskva. Frå 1991 har han vore tilsett ved Argonne National Laboratory i Illinois i USA. Abrikosov har særleg arbeidd innanfor faststoffysikk og oppdaga type-II superleiarar.
Abrikosov vart tildelt Leninprisen i 1966, Fritz Londons minnepris i 1972 og Den sovjetiske statsprisen i 1982. I 1989 mottok han Landauprisen frå Det russiske vitskapsakademiet. To år seinare, i 1991, vart Abrikosov tildelt Sony Corporation's John Bardeen Award.
Abrikosov er òg medlem av Royal Academy i London, og er medlem av American Physical Society, og i 2000 vart han vald til den prestisjefylte National Academy of Sciences. Han var ein av mottakarane av Nobelprisen i fysikk i 2003 saman med Vitalij Ginzburg og Anthony James Leggett, for teoriane sine om korleis ting kan oppføre seg ved ekstremt låge temperaturar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aleksej Abrikosov» frå , den 18. februar 2012.
Kategori:Russiske fysikarar Kategori:Russiske nobelprisvinnarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Leninprisen Kategori:Den sovjetiske statsprisen Kategori:Sovjetiske fysikarar Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences