Hugh David Politzer () er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyter protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.
Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «David Politzer» frå , den 18. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Nettside ved Caltech
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå New York City Kategori:Kjernefysikarar Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet