Arcade Fire er ei prisløna kanadisk indie rock-gruppe frå Montreal. Ho består av ekteparet Win Butler og Régine Chassagne, William Butler, bror til Win, og har hatt mange medlemmer opp igjennom åra.
Karriere
Arcade Fire starta opp i 2001, men gav ut sitt fyrste album i 2004. Det fekk namnet Funeral - «Gravferd», og selde til gull både i heimlandet og i Storbritannia. I 2005 vart songane deira brukt både i fjernsynsserien Six Feet Under og i eit BBC-program. Dei opptredde i The Late Show with David Letterman i USA same året. Då U2 reiste på turné med cden Vertigo i 2005/2006, varma Arcade Fire opp for fleire av konsertane deira. I 2005 fekk dei den kanadiske Juno-prisen for beste låtskrivarar. Dei var også nominert til BRIT Awards.
Andreplata til Arcade Fire kom ut i 2007 og fekk tittelen Neon Bible. I 2009 vart ein av singlane frå Funeral brukt i filmen Til huttetuenes land. Tredjealbumet til Arcade Fire kom ut i 2010 og fekk tittelen The Suburbs - «Forstadene». Dette vann ein Grammy-pris for årets album. Dei vann også fleire Juno-prisar og BRIT Awards for albumet.
Diskografi
Funeral (2004) Neon Bible (2007) The Suburbs (2010) Reflektor (2013) Everything Now (2017) We (2022) Pink Elephant (2025)
Kjelde
Denne artikkelen byggjer på «Arcade Fire» frå , den 21. februar 2012.
Kategori:Musikkgrupper skipa i 2001 Kategori:Kanadiske rockegrupper Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Indierockgrupper Kategori:Juno-vinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar