Sir William Lawrence Bragg () var ein australsk-fødd fysikar.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1915, berre 25 år gammal, saman med far sin William Henry Bragg.

Etter han var ferdig med utdanninga arbeidde han med faren frå 1912 til 1915. Under første verdskrigen var han teknisk konsulent og arbeidde med akustisk peiling og avstandsmåling. Frå 1919 til 1937 var han professor i Manchester etter Ernest Rutherford og frå 1938 til 1953 var han professor i Cambridge, før han vart direktør for The Royal Institution i London fram til 1966. 1953–66. Han utleidde Bragg-lova som gjev vilkåret for refleksjon av ei parallell stråle. Bragg gjorde mykje for å gjere røntgenanalysemetoden betre, mellom anna ved å nytte han ved studiet av komplekse proteinmolekyl i levande organismar.

Prisar (utval) – Copleymedaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «William Lawrence Bragg» frå , den 21. februar 2012. William Lawrence Bragg. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013 frå http://snl.no/William_Lawrence_Bragg.

Kategori:Australske fysikarar Kategori:Australske nobelprisvinnarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikkAcademics of the Victoria University of Manchester Kategori:Elevar ved Trinity College i Cambridge Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Australske riddarar Kategori:Order of the Companions of Honour Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Adelaide Kategori:Copleymedaljen Kategori:Militærkrossen Kategori:Royal Medal Kategori:Elevar ved University of Adelaide Kategori:Krystallografar Kategori:Æresmedlemmar av Royal Society of Edinburgh