Ernest Thomas Sinton Walton () var ein irsk fysikar.

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med John Cockcroft for arbeidet med endringa av atomkjernen gjennom kunstig akselererte atom (òg kalla atomspalting).

Frå 1927 til 1934 var han stipendiat ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då vart leia av Lord Rutherford. Frå 1934 var han tilknytt Trinity College i Dublin. Han var professor der frå 1946 til 1974. I Cambridge arbeidde Walton med utvikling av partikkelakseleratorar, og konstruerte saman med John Cockcroft eit høgspenningsanlegg, den såkalla Cockcroft-Walton-generatoren. Ved å akselerere proton med denne til ein energi på 500 (seinare 700) keV, og sende protona mot eit litiumtarget, fann dei i 1932 at det vart frigjort a-partiklar. Reaksjonen som føregjekk var den første kjende kjernereaksjonen indusert ved kunstig akselererte partiklar, og oppdaginga blir rekna som innleiinga til moderne eksperimentell kjernefysikk. Walton fekk saman med Cockcroft i 1951 Nobelprisen i fysikk for arbeidet sitt på dette området.

Prisar (utval) – Nobelprisen i fysikk – Hughesmedaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ernest Walton» frå , den 22. februar 2012.

Ernest Thomas Sinton Walton. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Ernest_thomas_sinton_walton

Kategori:Folk frå County Waterford Kategori:Anglo-irar Kategori:Irske fysikarar Kategori:Irske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet