Donald Arthur Glaser () var ein amerikansk fysikar og nevrobiolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1960 «for oppfinninga av boblekammeret».
Glaser fullførte sin Bachelor of science i fysikk og matematikk ved Case Western Reserve University i 1946, og fullførte sin filosofiske doktorgrad i fysikk ved California Institute of Technology i 1949. Han godtok ei stilling som instruktør ved University of Michigan og vart forfremma til professor i 1957. Videre vart han ein del av fakultetet ved University of California, Berkeley som professor i fysikk i 1959. Under denne tida omfatta forskinga hans kortliva elementærpartiklar. Boblekammeret tillet han å observere mønstra og levetida for partiklane.
Frå 1962 endra Glaser forskingsfelt til molekylærbiologi og han starta med eit prosjekt om kreft indusert av ultrafiolett stråling. I 1964 vart han gjeven tilleggstittelen professor i molekylærbiologi. Frå 1989 var Glaser professor i fysikk og nevrobiologi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Donald A. Glaser» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske nevrobiologar Kategori:Folk frå Cleveland Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:USA-amerikanske jødar Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet