Ernst August Friedrich Ruska () var ein tysk fysikar. Ruska mottok Nobelprisen i fysikk i 1986 «for hans fundamentale elektronoptiske arbeid og konstruksjon av det første elektronmikroskopet». Den andre halvdelen av prisen vart tildelt Gerd Binnig og Heinrich Rohrer «for konstruksjonen deira av Scanning tunneling mikroskop».

Etter å ha fullført sin filosofiske doktorgrad i 1933, fortsette Ruska å jobbe innan elektronoptikk, først ved Fernseh Ltd i Berlin-Zehlendorf og deretter hos Siemens-Reiniger-Werke AG. Hos Siemens var han involvert i å utvikle det første komersielt produserte elektronmikroskopet i 1939. I tillegg til å utvikle teknologi for elektronmikroskop medan han var hos Siemens, jobba Ruska òg ved andre vitskaplege institusjonar og oppmuntra Siemens til å sette opp eit laboratorium for gjesteforskarar. Dette laboratoriet vart først leia av bror til Ruska, Helmut, ein lege som utvikla bruken av elektronmikroskopet for medisinske og biologiske bruksområde.

I 1960 mottok han òg Albert Lasker Basic Medical Research Award.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ernst Ruska» frå , den 22. februar 2012.

Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Heidelberg Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Tyske oppfinnarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet